Feira for 300 seriekampar!

Då Fogn IL sitt A-lag i fotball tok imot stavangerlaget Siddis 2 i sesongens siste heimekamp, var det ikkje berre spel og resultat som var i fokus. Før kampen vart det nemleg delt ut pokal til Fognakeeper Trond Egil Sivertsen, som no har bikka 300 seriekampar for dei mørkeblå! I pausen vart det også sett fram ei kake med bilete av Trond Egil på, frå den etterkvart så omtala reportasjen i Aftenbladet, der keeperen omtala seg som verdas beste - i si vektklasse.

Trond Egil ligg no på ein flott 5. plass på adelskalenderen, og han har berre 7 kampar å ta igjen på nr. 4, Arne Eike. Dei tre som ligg på topp er Berge Sandanger med 329 kampar, Sigve Bøe med 335 og Jakob Bø med 421 kampar.

Sjølve kampen var svært jamn og spanande! Stillinga til pause var 2-2 etter mål av Jonas Halsne og Lars Heggeland Krumsvik. Kampen kunne vippa begge vegar i 2. omgang, men diverre for heimelaget var det dei rosa frå Stavanger som til slutt kunne juble for 3-2 og siger. Med det er sesongen over for Fogn sin del, som ender på 5. eller 6. plass, avhengig av korleis Buøy 2 gjer det i sin siste kamp.

Klart for toppturar i år igjen!

Også i år arrangerer Fogn IL 4- og 7-toppstur på Fogn, og denne gongen er turane lagt til søndag 29. september. Ein treng ikkje å melde seg på, og kan berre møte rett opp ved start.

Litt informasjon om turane:

Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00

Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30

Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .

Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke.

Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.

Nok ein suksess med vandremiddag!

Konseptet “Vandremiddag” gjekk laurdag kveld av stabelen for andre gong på Fogn. Kort sagt går det ut på at ein spis ein tre-rettars middag i tre ulike heimar på Fogn, saman med folk ein ikkje veit kven er, før ein møter opp. Og kor ein skal møta opp, det får ein beskjed om via SMS berre eit kvarters tid før maten vert servert! Dette førte til at det var mykje spaning rundt omkring på Fogn laurdag kveld, både knytta til kven som kom på besøk, kven ein sjølv skulle besøke, og kva som sto på menyen!

Det var Grendalaget, Helselaget, Idrettslaget, Ansvarskomiteen i kyrkja og Fogn Misjonsforsamling som sto som arrangørar for årets vandremiddag. 40 personar var påmeldt konseptet, og fleire har sendt inn bilete av dei ulike besøka. Desse kan du sjå i galleriet under, medan du tenkjer på om du vil bli med til neste år, for då vert det nemleg ny vandremiddag!

Temakveld om utvandringa og Restauration

I 2025 markerer me at det er 200 år sidan utvandringa til Amerika starta.

Skuta Restauration sto for den turen som vert rekna som starten på utvandringa. Det var folk frå Fogn om bord på denne turen. Mellom anna ei som fødte ei jente i løpet av seilasen. I 2025 er det planlagt ein ny tur med «den nye» Restaurationen. I lasta skal det vera ei helsing frå Fogn til «barnet som vart fødd om bord» Torsdag 19. september klokka 19.00 arrangerer grendalaget temakveld på Fogn oppvekstsenter om utvandringa, og om turen som er planlagt med Restauration.

Det blir visesong, kaffi og noko å bita i. … og ei lita utlodning til inntekt for ferdigstilling av «trappa».

Alle er hjarteleg velkomne!

Helselaget inviterer til festkveld

Det nærmar seg tida for den årlege demensaksjonen i regi av Nasjonalforeningen for folkehelse.

I år har me i styret tenkt å gjera ein vri på den tradisjonelle innsamlingsaksjonen. I staden for at skuleungdommane går rundt på dørene med bøsser, lager me heller ein festkveld med middag og foredrag.

Onsdag 25. september klokka 1800 på Oppvekstsenteret.

Me er så heldige å få besøk av forfattar og tidlegare journalist i Aftenbladet, Arnt Even Bø. Han har sett ord på ei knallsterk historie om det som skjedde med han og kona Eli då ho fekk Parkinson- diagnosen berre 51 år gammal. 19 år seinare kom demens-diagnosen som sette ein sluttstrek for Eli sitt liv mindre enn tre år etter.

Arnt Even er ein erfaren foredragshaldar og samarbeider bl.a. med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å dela eigne erfaringar om sjukdommen. Når det sto på som verst skreiv Arnt Even ned tankar og følelsar som han gjengir i boka Kjærlighetens pris. Nokre av refleksjonane skriv han i form av dikt, som dette ifrå sjukeheimen der Eli budde på slutten:

 Når besøket er over, og vi gir hverandre klem,
er sorgen min tilbake, du får aldri komme hjem
Men når du våkner helt alene, og ingenting forstår
har du fortsatt gifteringen, den vil alltid være vår

Prisen på 350 kroner per person er litt høg, men dekker middag, kaffi og kaker, foredrag og bidrag til demensaksjonen. Det er ingen som tener penger på denne kvelden, alt går til demensaksjonen.

Det blir anledning til å kjøpa boka etter foredraget, signert. På grunn av varm mat vil me gjerne ha påmelding innan onsdag 18.september.

Send sms til Oddbjørg: 94 12 92 33

Me ønskjer alle hjarteleg velkommen

Oddbjørg, Ingeborg, Isabelle, Jannike, Ottar og Eli