Klart for toppturar i år igjen!
/Også i år arrangerer Fogn IL 4- og 7-toppstur på Fogn, og denne gongen er turane lagt til søndag 29. september. Ein treng ikkje å melde seg på, og kan berre møte rett opp ved start.
Litt informasjon om turane:
Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00
Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30
Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .
Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke.
Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.