Snart tid for å synge jula inn!
/Desember er godt i gong, og snart er det tid for å synge jula inn igjen! Sjå info på plakaten under:
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
Desember er godt i gong, og snart er det tid for å synge jula inn igjen! Sjå info på plakaten under:
Også i år drar Trond Egil Sivertsen og hans gode medhjelparar i gang felles fyrverkeri ved Fogn oppvekstsenter, med to oppskytingar på nyttårsafta!
Det er ikkje få som har fått med seg desse showa dei siste åra, og kvar gong er det mykje godlyd i etterkant! Med eit spesialtilpassa “familieshow” kl. 19.00 får også dei yngre barna med seg flott fyrverkeri, før den store finalen går av stabelen ved midnatt!
Skal det bli bra fyrverkeri, trengst det pengar til innkjøp, og her kan alle som vil vere med og bidra! Berre klikk her for å støtta spleisen!
NB! Trond Egil håper folk er tidleg ute og bidreg, med tanke på både planlegging og innkjøp!
På søndag 30. november frå kl. 12.00-15.00 blir det arrangert salgsmesse i Erås Museum igjen!
Her blir det salg av heimelaga produkter, i tillegg til enkel kafè med salg av kaffi, saft og kaker.
Velkommen!
Vi er gode på tradisjonar på Fogn, og ein etterkvart nokså gammal tradisjon er at guttelaget arrangerer sin basar på bedehuset, fredag før 1. søndag i advent! Sjå informasjon på plakaten under:
Bilete frå frukosten i 2024
Søndagsskulen inviterer til søndagsskulefrukost på bedehuset, 9. november kl. 10.00! Både born og vaksne er hjarteleg velkomne til å bli med på opplegget, som startar med sjølve frukosten, før det etterkvart blir eit “søndagsskuleopplegg”.
Hilsen oss i Søndagsskulen og Søndagsringen
Fogn Misjonsforsamling informerer:
Powered by Squarespace