Vegen hit

Fogn ligg omtrent midt i Ryfylke, nord-aust for Stavanger og sør-aust for Karmøy. Då Fogn framleis er ei "skikkeleg" øy utan bru eller tunnel eller annan fastlandsforbindelse, må du ut reise med båt for å kome hit. Dersom du ikkje reiser med egen båt, kan du velge mellom kollektivtilbuda hurtigbåt eller ferje. Hurtigbåten går frå terminalen i Stavanger, og er ofte innom Tau og Talgje før han kjem til Fogn, så turen tek oftast ca. 40 minutter. Alltid oppdaterte hurtigbåtruter finn du ved å klikka HER (velg frå eller til Ryfylke, alt etter om du vil frå eller til Fogn).

Dersom du ynskjer å ha med deg bilen til Fogn, er ferja frå Judaberg på Finnøy det einaste alternativet (dersom du ikkje kjem frå nordfylket, og vil ta den lange, men flotte ferjeturen frå Nedstrand). For å koma til Finnøy køyrer du E39 til du kjem til Rennesøy, og deretter er det skilta til Judaberg på Finnøy. Det kan vere greit å nemne at ein av landets dyrare bomstasjonar står like før tunellen til Finnøy, 150 kr per bil kostar den. Heldigvis er det ein automatisk bomstasjon, så du slepp å betala når du køyrer forbi, men rekninga kjem nok i posten... Alltid oppdaterte ferjeruter finn du ved å klikka HER (klikk på "Fogn - Judaberg - Jelsa...")