Temakveld om utvandringa og Restauration
/I 2025 markerer me at det er 200 år sidan utvandringa til Amerika starta.
Skuta Restauration sto for den turen som vert rekna som starten på utvandringa. Det var folk frå Fogn om bord på denne turen. Mellom anna ei som fødte ei jente i løpet av seilasen. I 2025 er det planlagt ein ny tur med «den nye» Restaurationen. I lasta skal det vera ei helsing frå Fogn til «barnet som vart fødd om bord» Torsdag 19. september klokka 19.00 arrangerer grendalaget temakveld på Fogn oppvekstsenter om utvandringa, og om turen som er planlagt med Restauration.
Det blir visesong, kaffi og noko å bita i. … og ei lita utlodning til inntekt for ferdigstilling av «trappa».
Alle er hjarteleg velkomne!