IMG_7547.jpg

Vi har ein frisbeegolfbane på Fogn, nærare bestemt på Sæbø, nord på øya. Denne har fått namnet “Fogn Frisbeegolf - Utsikten”. For å koma til banen må ein køyre inn på Sæbøvegen, og parkera på grusplassen (turstiparkeringen) nedanfor to drivhus som kjem på høgre siden når ein køyrer innover vegen. Deretter fylgjer ein skiltene til banen.

Det er gratis å spela på banen. Ein kan også låna frisbeear (diskar) gratis. Desse ligg i ein kasse der banen byrjar. Om ein mistar eller øydelegg ein av desse diskane, ynskjer vi at det blir vippsa 200 kroner til Fogn IL på 94513. Dei som ynskjer kan også vippse ei gåve til Fogn IL, som takk for lånet av banen/diskar.

Oversikt - her er banen.jpg
Banekart permanent 9-hullsbane.jpg