Kom og sjå serieleiarane på heimebane!

God stemning i garderoben etter fogn sin sterke bortesiger mot Fiskå 2!

Fogn sitt A-lag i fotball har fått ein forrykande start på haustsesongen, og står med to sigrar av to moglege! Nytt av året er at serien blir “nullstilla” etter sommaren, slik at Fogn no toppar tabellen før heimekampen mot Buøy 2, laurdag 7. september kl. 15.45 på Fogn Stadion!

Det er meldt knallvèr også på laurdag, så vi anbefaler alle å ta turen for å heie fram dei mørkeblå til ein ny trepoengar!

Barnelagsoppstart måndag 2. september

Denne gjengen var samla då jente- og guttelaget starta opp att i januar 2024.

Både Hobby og Tru, Jentelaget og Guttelaget startar opp igjen etter sommaren, måndag 2. september kl. 17.30!

Hobby og Tru samlast i kyrkjekjellaren til andakt, song, aktivitetar og noko å bita i, og er for born opp til og med 1. klasse. Foreldre er også velkomne!

Jente- og Guttelaget har som vanleg felles oppstart på bedehuset med andakt, mat og konkurransar. Dette er for born frå og med 2. klasse og oppover. Frå og med måndag 16. september har laga arrangementer kvar for seg, og i mindre grupper.

Elles kan det nemnast at dei måndagane det ikkje er barnelag, er det øving for barnekoret TøfFOGNådig i kyrkja. Også dette startar kl. 17.30.

Følg med på kalenderen her på Fogn.org!

På med joggeskoa i helga!

FOgnaløpet er for deltakarar i alle aldrar!

Søndag 1. september blir det igjen arrangert Fognaløp og Fognameisterskap i friidrett!

På Fognaløpet, som byrjar kl. 13.00 frå skulen, kan deltakarar i alle aldrar velgja mellom distansane 5 km og 10 km. Det er ingen krav til ferdigheiter, og alle er velkomne til å delta!

Fognameisterskapet byrjar kl. 14.30, og består av dei tre øvingane 60 meter, lengdehopp og kast med liten ball. Deltakarane her er primært born (både i barnehage- og skulealder), men vaksne får og lov å prøva seg :)

Fogn IL ynskjer velkommen, og minner om at vèrmeldingane ser meget bra ut!

Meld deg på haustens vandremiddag!

Komiteen for vandremiddagen består av representantar frå Fogn Idrettslag, Fogn Grendalag, Fogn Helselag, Fogn misjonsforsamling og Ansvarskomiteen i kyrkja

Etter suksessen i 2023, har det blitt tromma saman ein ny komitè som vil arrangere vandremiddag på Fogn, lørdag 14. september frå klokka 18.45-23.00.

Sjå plakaten under for å finne ut meir om kva vandremiddag er, og meld deg på her! Merk at siste påmeldingsfrist er tysdag 10. september.