Feira for 300 seriekampar!

Då Fogn IL sitt A-lag i fotball tok imot stavangerlaget Siddis 2 i sesongens siste heimekamp, var det ikkje berre spel og resultat som var i fokus. Før kampen vart det nemleg delt ut pokal til Fognakeeper Trond Egil Sivertsen, som no har bikka 300 seriekampar for dei mørkeblå! I pausen vart det også sett fram ei kake med bilete av Trond Egil på, frå den etterkvart så omtala reportasjen i Aftenbladet, der keeperen omtala seg som verdas beste - i si vektklasse.

Trond Egil ligg no på ein flott 5. plass på adelskalenderen, og han har berre 7 kampar å ta igjen på nr. 4, Arne Eike. Dei tre som ligg på topp er Berge Sandanger med 329 kampar, Sigve Bøe med 335 og Jakob Bø med 421 kampar.

Sjølve kampen var svært jamn og spanande! Stillinga til pause var 2-2 etter mål av Jonas Halsne og Lars Heggeland Krumsvik. Kampen kunne vippa begge vegar i 2. omgang, men diverre for heimelaget var det dei rosa frå Stavanger som til slutt kunne juble for 3-2 og siger. Med det er sesongen over for Fogn sin del, som ender på 5. eller 6. plass, avhengig av korleis Buøy 2 gjer det i sin siste kamp.