Tok årets første heimepoeng i overtidsdrama!

Fogn IL sitt A-lag i fotball hadde tapt alle heimekampane i årets 7. divisjon, så motstandarlaget Kvitsøy trudde kanskje dei skulle få ei enkel oppgåve denne flotte haustsøndagen i september. Så feil kan ein ta…

Det var knytta stor spenning til kampen mellom dei to “ekte øyene” i divisjonen, og det var liten tvil om at familiære forhold gjorde oppgjeret ekstra spesielt. På Kvitsøy spelte nemlig Jakob Meling, medan svograne Jørgen og Josef + svigerfar Jakob Bø alle spelte for Fogn. Det var difor ikkje overraskande at det fantes både spelerar og tilskoderar med litt ekstra høg puls, då dommaren blåste i gong kampen…

Det var Kvitsøy som kom best i gong, utan at dei skapte dei heilt store sjansane før ein drøy halvtime ut i omgangen. Då vart ein lang ball slått inn i bakrommet, og heada tilbake foran mål. Der hadde Taras Pulynets ein enkel jobb med å sette kampens første skåring bak Trond Egil Sivertsen i Fogn-målet, bortelaget tok leiinga til vill jubel frå dei mange tilreisande supporterane.

Men etter dette tok Fogn meir og meir over, og sjølv om Kvitsøy hadde ei heading i tverrliggaren, var det Fogn som skapte mest resten av omgangen. Fem minutter før pause trykka Fogn på etter ein dødball. Det enda opp med at Jakob Bø slo ein ball frå venstre, inn mot bakre stolpe, der sonen Josef sklei inn 1-1 til ei endå meir ellevill jubel frå heimesupporterane, 1-1!

Stillinga heldt seg til langt ut i 2. omgang, ein omgang som fram til ca. 70 minutter var nokså “tam” utan dei heilt store sjansane og nokså oppstykka spel. Kvitsøy hadde ballen mest, men sleit med å skape mykje i møte med eit Fognlag som forsvarte seg heroisk og godt. Likevel glapp det for heimelaget etter 71 minutter, då Simon Holter Møllegaard fekk driva fram på venstresida, skjera inn foran mål, og setja ballen i det næraste hjørnet, via foten til keeper Trond Egil. Bortelaget var igjen i leiinga, og nå var det nok eindel som trudde kampen var avgjort.

Men Fogn gav ikkje opp. Mot slutten vart “alle mann” kasta i angrep, og på overtid fekk Fogn fleire dødballar høgt i banen. Ballen enda til slutt opp hjå Fogns bakerste mann, midtstoppar Jakob Bø. Frå rundt 35 meter lada han “kanona”, og sendte i veg eit høgt skudd som gjekk over alle spelerane, før det sneik seg inn i venstre kryss bak ein Kvitsøykeeper som berre kunne strekke seg forgjeves, 2-2! Jubelscenene var såpass omfattande at Pål Rune Grønås, som vart bytta ut med strekk etter 40 minutters spel, la ut på dagens raskaste løp, for å bli med i klynga av spelerar som feira utlikninga, og poengdelinga som var eit faktum berre eit drøyt minutt seinare!

Tusen takk til Karianne Østhus, som var framsynt nok til å filme målet, og dele med Fogn.org!

Etter kampen var stemninga “variert”, alt etter kva lag ein hadde spelt for, eller heia på. Men kanskje viktigast av alt, dei familiære relasjonane såg ut til å vera inntakte, og minst like gode som dei var før avspark :)

Søndagsskulestart i helga

Søndagsskulen og søndagsringen startar opp etter sommaren til helga, nærare bestemt søndag 14. september klokka 11.00 på bedehuset. Nytt av året er at søndagsskulefrukosten ikkje skjer i oppstarten, men heller litt lenger ut på hausten (søndag 9. november), så då har folk noko å sjå fram til :)

Under er programmet for hausten.

Velkommen til søndagsskule og søndagsring!

Ein strålande dag med mykje idrettsglede!

Både store og små var i aksjon under årets Fognaløp og Fognameisterskap, som gjekk av stabelen i strålande sol og gode temperaturar, søndag 7. september!

Først ut var Fognaløpet, der deltakarane som vanleg kunne velgja mellom heile runden rundt Fogn (ca. 10 km) eller rundt “Nullen” (ca. 5 km). Anders Sandanger var raskast på den korte distansen, som han fullførte på tida 20.46. Den lange distansen vart vunne av Kristel Borgemyr (50.22) i kvinneklassa, og Jon Erik Jakobsen (43.14) i herreklassa. Elles var det mange born som også sprang 5 kilometeren, før dei igjen skulle “i ilden” med 60-meter, lengde og kast med liten ball i Fognameisterskapet.

Mykje god innsats og masse idrettsglede endte opp med medaljeutdeling til alle i amfiet etter det som må seiast å vere nok eit flott Fognameisterskap! Sjå fleire bilete frå dagen under:

Mykje folk og god stemning på Tidløskonsert!

Omlag 100 personar møtte opp på sørlandsbandet “Tidløs” sin konsert, laurdag 6. september på Fogn Bedehus. Dei frammøtte fekk stort sett “servert” gamle salmer i ny innpakning, i tillegg til eit par nyare låter. Og etter framføringa av kveldens “siste song”, responderte salen med ståande applaus og krav om meir! Det fekk dei, gjennom to kjente allsongar, mellom anna “O store Gud”, som de kan sjå eit glimt frå under:

Etter konserten var det kaker, kaffi og drøs i bedehuskjellaren. Der var det mange godord å høyra, og det vart alt snakk om når “Tidløs” skulle bli invitert tilbake til Fogn att! Ut frå det bandet sjølv sa, både på konserten og i etterkant, verkar dei veldig positive til å koma attende, så dei som gjekk glipp av laurdagens konsert, kan kanskje få ein ny moglegheit på Fogn i framtida!

Og for dei som evt. vil høyre på “Tidløs” no med ein gong, kan ein anten gå til Spotify, eller søke dei opp på Youtube, der det mellom anna ligg eit heilt konsertopptak frå 2020.

Fognaløp og meisterskap til helga!

FOGNALØP OG FOGNAMEISTERSKAP I FRIIDRETT SØNDAG 7. SEPT.

OPPMØTE VED FOGN OPPVEKSTSENTER.

KL 1300 START FOGNALØPET   10 KM (RUNDT ØYA)  OG 5 KM (BØ- HØGASTE – ERÅS – SKULEN)

KL 1430 60 M, LENGDE OG KASTING AV BALL. FOR ALLE ALDRAR.

SERVERING AV FORFRISKNINGAR.

 Familiar og alle som vil bli med å delta og heie er velkomne!

 Minner og om at det blir 4 – og 7 toppstur søndag 28. sept.

 Arr. Fogn idrettslag.

Møter og mannskor på bedehuset

Fogn Bedehus er eigd av Misjonssambandet (NLM), men andre organisasjonar har også høve til å bruke bedehuset til ulike arrangement. Denne veka er det Norsk Luthersk Lekmannsmisjon (NLL) som har møter på bedehuset, og under er informasjon sendt til Fogn.org frå Ruben Fjell:

———————

I slutten av august samles vi til møteuke for Norsk Luthersk Lekmannsmisjon på bedehuset på Fogn. Fra onsdag til søndag blir det møter, fellesskap og denne gangen også sang fra Mannskoret Klippen.

Helga 29.–31. august har koret øvingshelg på bedehuset. De synger på møtene lørdag og søndag – og det er åpent for de som vil å bli med og øve og synge med koret. Øvelsene er lørdag kl. 10:00, 14:00 og 18:00 (og søn kl. 10:00). Litt erfaring med flerstemt sang kan være nyttig, men det er ikke et krav. Alle menn som vil synge er velkomne! 

Møteuka (27.–31. august):

  • Onsdag–fredag: møter kl. 19.30 med Jon Peder Samdal

  • Lørdag: møte kl. 19.30 med Ole Heggedal

  • Søndag: møte kl. 11.00 med Aron Berre

Velkommen til møteuka – og til å være med på Mannskoret Klippens øvingshelg på Fogn.