Storfint besøk på bedehuset

Bandet “Tidløs” kjem til Fogn for å ha konsert på Fogn Bedehus, laurdag 6. september klokka 19.30. Tidspunktet passar godt med ferjerutene frå og til Judaberg (ferje til Fogn kl. 19.05, ferje frå Fogn kl. 21.20).

På denne lenka kan ein sjå glimt frå ein annan konsert med bandet, som har Martin Wikstøl (kjent frå “The Voice”) som frontfigur.

Det er begrensa med plassar, så det kan vere lurt å bestille billett til konserten på førehand, ved å klikka her.

Open kafè, butikk og bryggeri på naustet!

Mange har etterspurt det, så på laurdag 12. juli blir det open kafè og butikk frå kl. 12-16 og ope bryggeri frå kl. 14-19 på Naustet på Fogn!

Oddbjørg og Ole melder om at:

Me har fått inn Øy-is, ein knallgoe lokal-is frå Kalvøy
Det blir i tillegg salg av tomatsuppa med grytebrød, digge sandwicher, og til kaffien har me lagt scones med rista hasselnøtter som serveres med ostekrem og rabarbrasyltetøy. Grove brød.
I bryggeriet går det sin gang

Hjertelig velkommen