Tok årets første heimepoeng i overtidsdrama!
/Fogn IL sitt A-lag i fotball hadde tapt alle heimekampane i årets 7. divisjon, så motstandarlaget Kvitsøy trudde kanskje dei skulle få ei enkel oppgåve denne flotte haustsøndagen i september. Så feil kan ein ta…
Det var knytta stor spenning til kampen mellom dei to “ekte øyene” i divisjonen, og det var liten tvil om at familiære forhold gjorde oppgjeret ekstra spesielt. På Kvitsøy spelte nemlig Jakob Meling, medan svograne Jørgen og Josef + svigerfar Jakob Bø alle spelte for Fogn. Det var difor ikkje overraskande at det fantes både spelerar og tilskoderar med litt ekstra høg puls, då dommaren blåste i gong kampen…
Det var Kvitsøy som kom best i gong, utan at dei skapte dei heilt store sjansane før ein drøy halvtime ut i omgangen. Då vart ein lang ball slått inn i bakrommet, og heada tilbake foran mål. Der hadde Taras Pulynets ein enkel jobb med å sette kampens første skåring bak Trond Egil Sivertsen i Fogn-målet, bortelaget tok leiinga til vill jubel frå dei mange tilreisande supporterane.
Men etter dette tok Fogn meir og meir over, og sjølv om Kvitsøy hadde ei heading i tverrliggaren, var det Fogn som skapte mest resten av omgangen. Fem minutter før pause trykka Fogn på etter ein dødball. Det enda opp med at Jakob Bø slo ein ball frå venstre, inn mot bakre stolpe, der sonen Josef sklei inn 1-1 til ei endå meir ellevill jubel frå heimesupporterane, 1-1!
Stillinga heldt seg til langt ut i 2. omgang, ein omgang som fram til ca. 70 minutter var nokså “tam” utan dei heilt store sjansane og nokså oppstykka spel. Kvitsøy hadde ballen mest, men sleit med å skape mykje i møte med eit Fognlag som forsvarte seg heroisk og godt. Likevel glapp det for heimelaget etter 71 minutter, då Simon Holter Møllegaard fekk driva fram på venstresida, skjera inn foran mål, og setja ballen i det næraste hjørnet, via foten til keeper Trond Egil. Bortelaget var igjen i leiinga, og nå var det nok eindel som trudde kampen var avgjort.
Men Fogn gav ikkje opp. Mot slutten vart “alle mann” kasta i angrep, og på overtid fekk Fogn fleire dødballar høgt i banen. Ballen enda til slutt opp hjå Fogns bakerste mann, midtstoppar Jakob Bø. Frå rundt 35 meter lada han “kanona”, og sendte i veg eit høgt skudd som gjekk over alle spelerane, før det sneik seg inn i venstre kryss bak ein Kvitsøykeeper som berre kunne strekke seg forgjeves, 2-2! Jubelscenene var såpass omfattande at Pål Rune Grønås, som vart bytta ut med strekk etter 40 minutters spel, la ut på dagens raskaste løp, for å bli med i klynga av spelerar som feira utlikninga, og poengdelinga som var eit faktum berre eit drøyt minutt seinare!
Tusen takk til Karianne Østhus, som var framsynt nok til å filme målet, og dele med Fogn.org!
Etter kampen var stemninga “variert”, alt etter kva lag ein hadde spelt for, eller heia på. Men kanskje viktigast av alt, dei familiære relasjonane såg ut til å vera inntakte, og minst like gode som dei var før avspark :)