Fogn med tap i sesongens siste kamp.

Det hadde regna mykje i forkant av kampen Fogn spelte mot Hinna 2, laurdag 13.oktober. Banen var våt og sleip, og det førte til mykje fall og lange sklitaklingar. Trass dårleg vér, var det mange som hadde tatt turen for å sjå på. Fogn Idrettslag serverte nemleg gratis kake.

Tidleg i fyrste omgang sette Hinna 2 ballen i nettet. Like etter utlikna Jørgen Bø. Rett før omgangen var omme scora Hinna 2 på frispark, pauseresultatet vart 1-2.

I 2. omgang letta véret, og kampen tok skikkeleg fyr. I denne omgangen vart det laga heile 7 mål. Heimelaget scora to av desse. Dei to målscorarane for Fogn var Ivar Opsal og Sondre Trå Sørheim.

Under kan du sjå bilete frå kampen:



Har du bilete av Fogn kyrkje?

Publikasjonen «Fogn kyrkje 25 år» er i ferd med å ferdigstilles. I den forbindelse ønsker vi å få tak i bilder som viser kapellet, byggefasen og livet som har kommet til utrykk i Fogn kyrkje gjennom disse 25 årene. 

Vi ber om respons på denne invitasjonen innen 6. Oktober, så fristen er kort! Vi vil gjerne få tips om mennesker på Fogn som kan ha bilder eller dersom du har bilder, og de kan være digitale eller papir, så gi et signal på denne mailadresse: elsejorunn.loland.vold@gmail.com

Vennlig hilsen redaksjonen Fogn kyrkje 25 år 





God oppslutning på toppturen!

DSC_0034.JPG

Sundag 30. september hadde mange møtt opp for å gå 7- og 4-toppsturen. Det var 81 startande. Alle som gjekk fekk utlevert eit startkort som det vart klypt i på kvar topp. Kortet vart levert inn på den siste toppen. Seinare denne dagen trekte leiaren i Fogn il, Jakob Bø, eit gavekort frå Kiwi. Vinnaren av dette vart Noah Østhus. Også i år var det godt turver, trass mykje regn i forkant. Men det var god stemninga i løypa. På nokre av toppane vert det utdelt produkter som var gitt av Ryfylke tomat, Joker Fogn, Coop Extra Finnøy, og Stavanger Installasjon.

Under kan du sjå bilete frå turen: