God oppslutning på toppturen!
/ Kristian IversenSundag 30. september hadde mange møtt opp for å gå 7- og 4-toppsturen. Det var 81 startande. Alle som gjekk fekk utlevert eit startkort som det vart klypt i på kvar topp. Kortet vart levert inn på den siste toppen. Seinare denne dagen trekte leiaren i Fogn il, Jakob Bø, eit gavekort frå Kiwi. Vinnaren av dette vart Noah Østhus. Også i år var det godt turver, trass mykje regn i forkant. Men det var god stemninga i løypa. På nokre av toppane vert det utdelt produkter som var gitt av Ryfylke tomat, Joker Fogn, Coop Extra Finnøy, og Stavanger Installasjon.
Under kan du sjå bilete frå turen: