Fogn med tap i sesongens siste kamp.

Det hadde regna mykje i forkant av kampen Fogn spelte mot Hinna 2, laurdag 13.oktober. Banen var våt og sleip, og det førte til mykje fall og lange sklitaklingar. Trass dårleg vér, var det mange som hadde tatt turen for å sjå på. Fogn Idrettslag serverte nemleg gratis kake.

Tidleg i fyrste omgang sette Hinna 2 ballen i nettet. Like etter utlikna Jørgen Bø. Rett før omgangen var omme scora Hinna 2 på frispark, pauseresultatet vart 1-2.

I 2. omgang letta véret, og kampen tok skikkeleg fyr. I denne omgangen vart det laga heile 7 mål. Heimelaget scora to av desse. Dei to målscorarane for Fogn var Ivar Opsal og Sondre Trå Sørheim.

Under kan du sjå bilete frå kampen: