Blå Los skal ha konsert i Fogn kyrkje

Blå Los er ei lokal gruppe musikarar frå Sandnes og Stavanger. Dei har spelt saman frå 2005. Gruppa har mange speleoppdrag m.a. huskonsertar og kyrkjekonsertar. Blå Los spelar jazz, folk, standard og eigne låtar.

Bandmedlemmer

Svein Åke Bjerga, piano
Kjell Rise, sax
Kåre Andreas Folkvord, trompet
Reidar Stokke, bass
Knut Egil Kristiansen, trommer


Blå Los har konsert i Fogn kyrkje lørdag 29.sept. kl 19:00. Den lokale blåsegruppa Messing blir og med.

Det blir enkel bevertning nede i kjellaren etter konserten.

Inngangspengar kr 200,- dei under 16 år er gratis.  

Alle er velkomne.

Konserttida passar med ferje/hurtigbåt frå andre øyar i kommunen. Ved behov for skyss til/frå kaien ta kontakt på tlf.: 47010909

Skjermbilde 2018-09-25 kl. 20.44.23.png








7- og 4toppstur til helga!

Sundag 30. september arrangeres årets 7- og 4-toppstur. 7-toppsturen startar på Hovda klokka 12:00, og ein går over følgjande toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakulå og Varhaug. Dei fire sistnemnde toppane utgjer 4-toppsturen, og har start med skulen kl. 12:30. 

På dei fleste toppane ventar det ein "overaskelse" levert av ulike sponsorar til turen. Det er gratis å delta!

Under kan du sjå deler av fjorårets tur:

Video Kristian Iversen

Flott frukost med Søndagsskulen

Sundag 16. september var det dekka for den årlege søndagsskulefrukosten. I år var frukosten flytta til skulen. Det var godt oppmøte, og nesten heile foajeen vart fyld opp av mange born og vaksne, som ville høyra om Jesus. Magrethe Frafjord hald ein fin andakt om skapinga. Borna var særs engasjerte. Kvar familie fekk også eit blad som dei kunne ta med seg heim. No framover vart det søndagsskule og -ring kvar sundag (med unntak av dei sundagane det er Gudsteneste i kyrkja) klokka 11:00.

Under kan du sjå bilete:

Stemningsrik hausttakkefest

Sundag 9.august var det mykje som skjedde i kyrkja. Jonatan Østhus vart døypt, Frida og Sebastian vart presentert som konfirmantar, og utdeling av bøker og cdar til dei minste. Det var mykje folk i kyrkja. Dåpen, konfirmantpresentasjonen og utdelinga fekk fine rammer med song, tekstlesing, og preike. I tillegg framførte tøfFOGNådig eit par flotte songar.

Under kan du sjå nokre bilete:

Fin kulturbasar med strålande resultat!

Laurdag 1. september gjekk den årlege kulturbasaren på Erås Museum av stabelen. Basaren, som er eit samarbeid mellom Erås Museum og Fogn Grendalag, vart avholdt for 10. gong i år, og rammene var flotte med sol og så godt som skyfri himmel! Opp mot 100 personar møtte opp, slik at det var godt med folk både utanfor, og inne i løa denne ettermiddagen!

På basaren bidrog Mantas Tadaravicius med nydelege tonar på saksofon, i tillegg til at vi fekk informasjon om kva årets pengar gjekk til, nemleg barneheimsprosjektet Masimaze i Sør-Afrika. 

Det var som vanleg sal av kaffi og kaker, i tillegg til dei tradisjonelle årene, klipte ut av skoesker. Det var også eigen trekning på ei strikka kofte, og på ei dokke med diverse utstyr. Mange hadde bidratt med gevinstar, og mange kjøpte lodd, slik at summen som no er oversendt til Masimaze, vart på 15 839 kroner!

Bla i fotogalleriet øverst i saka for å sjå fleire bilete.