Idrettsdag på skulen!

Onsdag 21. juni var det klart for årets siste skuledag på Fogn oppvekstsenter. Slik det har vore dei siste åra, så vart denne dagen nytta til idrettsdag. Elevane fekk vere med på mykje forskjellig og var innom både gymsalleiker, kast med liten ball, lengde, 60-meter, tautrekking, stafett og fotball i løpet av dei 4 timane dei var på skulen denne dagen.

Den avsluttande fotballkampen mellom dei tilsette og elevane endte med ein solid 6-3 siger til elevane. Kampen "hadde alt" då det både var mange mål, store sjansar, straffespark og både gule og raude kort. Elevane vann til slutt heilt fortent, og kunne ta ein like fortent sommarferie like etter kampslutt! 

Klikk "les mer" for å sjå fleire bilete frå dagen!

Berre ei veke til Tour de Fogn, meld deg på!

Skjermbilde 2017-06-16 kl. 17.46.24.png

Fredag 23. juni startar den 7. utgåva av Tour de Fogn! Mange har alt meldt seg på, men det er framleis plass til fleire! Gå til meir informasjon og påmelding ved å klikka HER.

Kristian Sandanger Iversen har laga ein "påmeldingsfilm", som kan sjåast ved å klikka HER. Filmen viser klipp frå mange tidlegare utgåver av rittet, og det er ingen grunn til å tru at det skal bli mindre kjekt denne gongen! I år er det fleire spenningsmomenter. Kjem det til å kome nokre "kanoner" som Inge Holla, som meldte seg på og vann soleklart i fjor? Kjem Joker-laget, som de ser bilete av over, til å vere komplett med samtlige fire frå Fogn handel? Vil deler av rittet gå på grus, sidan vi ikkje veit når asfalteringsarbeidet rundt øya vert ferdigstilt? Og vil det endeleg bli ny rekord i talet på deltakarar i dameklassen?

Bli med på (eit av) sommarens vakraste eventyr, Tour de Fogn!

 

Glimt frå søndagsskuleavslutninga

Søndag 11. juni var det avslutning for søndagsskulen og søndagsringen på Fogn. Igjen hadde Helga og Ståle Østhus stilt sitt naust til disposisjon, og folk kom dit, både til lands og til vanns! Dei omlag 50 personane som hadde møtt opp, fekk sjå skodespel om den bortkomne sonen, syngja barnesongar og grilla og leika seg. Vèret må kunne seiast å ha vore heilt OK, særleg med tanke på at regnet venta heilt til arrangementet var neste slutt før det byrja å dryppa. 

Under er nokre fleire bilete:

Avslutningar i helga

Både guttelaget og søndagsskulen har opne arrangement som markerer sommaravslutning denne helga. 

Friluftsbasar fredag 9. juni kl. 18.00
Guttelaget sin friluftsbasar plar å vera på plenen utanfor bedehuset. Dersom det er dårleg vèr, flyttest basaren innandørs. Her vert det andakt av Magne Vatland, sal av pølser, lappar, kaffi og brus, i tillegg til loddsal med trekning av ulike gevinstar. 

Søndagsskuleavslutning søndag 11. juni kl. 14.00
Søndagsskulen og søndagsringen har sin avslutning på Selvåg, ved naustet til Helga og Ståle Østhus. Parkering ved hønsehuset deira. 
Det blir andakt, aktivitetar og grilling av medbrakt grillmat.

Alle er hjarteleg velkomne på begge arrangementa!

Veg stengt grunna asfaltering

Mange har nok høyrt nyhenda om at det skal koma ny asfalt rundt Fogn i løpet av våren/sommaren. No står prosjektet for tur, noko som gjer at det vil verta litt vanskelegare å køyra rundt Fogn framover, men så vil det altså bli mykje betre etterkvart.

I første omgang informerer Risa om at dei skal mala opp den gamle asfalten på strekningen Runestad - Sæbø. Arbeidet startar tysdag 6. juni, og vil ta ca. 2 veker. Veien blir stengt på forskjellige plassar mellom Runestad og Sæbø i perioden fram til St.Hans. For meir info om stenging av veg, ny asfalt osv, kan ein ta kontakt med Reidar Roda (404 04 169).

NB! Hugs folkemøtet torsdag 1. juni!

Finnøy kommune har no lagd planprogrammet for arbeidet med den nye og siste kommuneplanen ut på høyring med frist 14. juni 2017.

Planprogrammet er å sjå på som rammen og mandatet for det arbeidet me skal halde på med dei neste to åra fram mot ferdig kommuneplan.

Me ønskjer at flest mogleg blir med på arbeidet som no startar opp, og vil difor ha folkemøter saman med grendalaga på øyane.

Møtet på Fogn vert i foajeen på oppvekstsenteret, torsdag 1. juni klokka 19.00-20.30.

Møtet vil starta med informasjon og presentasjon av planprogrammet, før det vert opna for spørsmål frå salen. Det vert servert kaffi og noko å bita i.

Alle er velkomne!

Med beste helsing
Finnøy kommune

Plakat for alle møtene i kommunen finn de ved å klikka her.