Bli med på Tour de Fogn!

Helga 23.-25. juni går sykkelrittet Tour de Fogn av stabelen for 7. gong, og i år vil vi gjerne at DU skal vera med! Tour de Fogn er rittet for alle, anten du aldri har vore med i eit sykkelritt før, eller om du er ein erfaren syklist med konkurranseerfaring! Her er det eigen dame- og herreklasse, i tillegg til seniorklasse for dei over 60 år.

I fjor opna vi opp for ein eigen el-sykkelklasse, i og med at denne typen syklar byrjar å verte nokså vanlege langs vegane, også på Fogn. Diverre var det ingen som meldte seg på med el-sykkel, men de får sjansen igjen i år! Hugs i så fall på å skrive dette i kommentarfeltet ved påmelding.

NB! Racersykkel er ikkje lov, aldersgrensa er 16 år, og hjelm er påbudt. 

Påmelding skjer på skjemaet under. 

Det kostar 100 kr per deltakar, kontant betaling/VIPPS ved oppmøte på fredagen. Under fylgjer litt informasjon om dei ulike dagane:

Etappe 1 - Prolog med individuell start

Tid: Fredag 23. juni kl. 18.30
Start og mål: Pakkerietet

Etappen går frå pakkeriet, over flata til misjonshumpen, og tilbake. Syklistane startar ein og ein, med eit minutts mellomrom. Den som fullførar på kortast tid, vinn etappen og leiar rittet.

Etappe 2 - Landeveisritt med fellesstart og barneritt

Tid: Laurdag 24. juni kl. 14.30
Start og mål: Fogn oppvekstsenter

Etappen går to rundar rundt Fogn, og feltet køyrer i retning Varland. Alle startar samla, og den som kjem først i mål (Fogn oppvekstsenter) etter to rundar, har vunne etappen. Den som samla sett har best tid etter dei to første etappane, leiar rittet.

Når alle har kome i mål, er det tid for barneritt. Då kan barn i alle aldrar koma med sykkelen sin, og sykla ulike løyper, alt etter kor gamle dei er. 

Etappe 3 - Klatreetappe med fellesstart

Tid: Søndag 25. juni kl. 12.30
Start og mål: Fogn oppvekstsenter (start), Kyrkja (mål)

Syklistane startar på Fogn oppvekstsenter, og syklar i retning Varland. Deretter går turen via Sæbøkrossen til Sørvåg og Runastad, før dei svingar av og syklar opp bakken til Høgaste. Frå Høgaste går turen forbi kyrkja, før dei syklar ein heil runde rundt Fogn, og har målgang ved kyrkja. 
Den som samla sett har best tid etter tre etappar, vinn rittet!