Berre ei veke til Tour de Fogn, meld deg på!
/Fredag 23. juni startar den 7. utgåva av Tour de Fogn! Mange har alt meldt seg på, men det er framleis plass til fleire! Gå til meir informasjon og påmelding ved å klikka HER.
Kristian Sandanger Iversen har laga ein "påmeldingsfilm", som kan sjåast ved å klikka HER. Filmen viser klipp frå mange tidlegare utgåver av rittet, og det er ingen grunn til å tru at det skal bli mindre kjekt denne gongen! I år er det fleire spenningsmomenter. Kjem det til å kome nokre "kanoner" som Inge Holla, som meldte seg på og vann soleklart i fjor? Kjem Joker-laget, som de ser bilete av over, til å vere komplett med samtlige fire frå Fogn handel? Vil deler av rittet gå på grus, sidan vi ikkje veit når asfalteringsarbeidet rundt øya vert ferdigstilt? Og vil det endeleg bli ny rekord i talet på deltakarar i dameklassen?
Bli med på (eit av) sommarens vakraste eventyr, Tour de Fogn!