For ein folkfest!

Måndag 10. juli kom "sirkuset" Tour of Norway for kids til Fogn, og for ein folkefest det vart! Over 500 personar møtte opp, der nesten halvparten var deltakarar i alderen 0 til 13 år. Folk kom frå heile Finnøy kommune og frå Strandalandet, i tillegg til at mange ferierande tok turen, og både store og små såg ut til å kosa seg masse på Fogn denne dagen! 

Joker Fogn og Fogn IL hadde laga til ei spanande løype på Runestad, der deltakarane fekk prøve seg på ulike underlag som asfalt, grus og gras undervegs i rittet. Først ut var dei aller minste, og her var det mang ei mor, ein far eller ein besteforelder som måtte slite med å halde følge med fartsglade småbarn, særleg inn på det raske oppløpet! Deretter kom dei eldre barneklassane, gjerne med eit enno større konkurranseinstinkt... Men likevel var det så godt som berre smil, latter og glede å sjå i ansiktet til syklistane som trilla i mål i sine nye, raude t-skjorter, og mottok ein sekk med solbriller, refleks og drikkeflaske til premie.

Når alle var komne vel i mål var det tid for den endelege premieseremonien. Her skulle det, i ekte Tour de France-stil, delast ut fem farga trøyer til dei heldige innehavarane av fem tilfeldig valgte startnummer. I tillegg vart det lodda ut ein sykkel heilt til slutt, og denne var det Una Mjølsnes som var så heldig å vinne!

På førehand var det knytta stor spenning til vèret, som lenge såg ut til å kunne bli plaskande vått, dersom ein skulle tru dei ulike vèrmeldingane på internett. Heldigvis kan vi ikkje alltid stole på desse, for det vart opphald, vindstille og etterkvart ein høgst akseptabel temperatur, som skapte ei flott ramme rundt ein sjeldan stor folkefest på Fogn! Det var som nemnt god stemning blant syklistane, og kiosken til Fogn IL, der ein fekk kjøpt både is, kaffi, brus, pølser og tomatsuppe, var med og bidrog sterkt til at stemningen var minst like god blant alle dei som var møtt opp for å heie fram dei unge og håpefulle!

Klikk HER for å lese Tour of Norway for kids ein eigen reportasje frå rittet, og sjå fleire bilete i serien under:

Berre dagar til Tour of Norway for kids!

Vi er godt i gong med juli månad, og om kun kort tid er det klart for tidenes første Tour of Norway for kids på Fogn! Måndag 10. juli blir det sykkelfest for heile familien, der born frå 13 år og ned til dei på trehjulsykkel kan få bli med på sjølve "rittet". 

Møt opp ved Ivar Opsal sitt kyllinghus på Runestad frå klokka. 16:00 for registrering og utdeling av startnummer. Det vert trekt seks flotte premiar, mellom anna ein sykkel (!) tilfeldig på startnummer, einaste kriteriet for å kunne vinne er at vinnaren er tilstades under premieseremonien. I tillegg vil alle deltakarane verta premierte!

Det vert sal av pølser og tomatsuppe, i tillegg til andre kioskvarer og spinnerar. Det kan også nemnast at det er tilgjengelege toaletter på plassen, så ein kan trygt leggja opp til å vere her så lenge ein vil (det er lov å koma før klokka 16.00 også). 

Har du spørsmål om sjølve løpet er det berre å kontakta rittleiar Ivar Opsal på tlf 99567320.

Ynskjer du båttransport frå Hjelmeland/ Strand kommune, så ta kontakt med Øyvind Sandanger på tlf 92090918. 

Det er mogleg å melde seg på på førehand (via denne sida HER), men ein må uansett møte opp ved registreringa for å få utdelt startnummer og t-skjorte. Arrangørane set likevel pris på om dei som veit at dei skal koma, klikker "deltek" på Facebook, slik at dei har ein viss peiling på kor mange som kjem til å møta opp til denne sykkelfesten! Klikk HER for å kome til den aktuelle sida på Facebook.

 

Kunstustillingen "En bit av Fogn"

IMG_5469.JPG

Kunstutstillingen "En bit av Fogn" består av akvareller av Kåre Holm. 18 arbeid fra Fogn der han på en særegen måte  har fanget miljøet og våre kulturelle røtter. Åpning av utstillingen lørdag 01.07 kl.13.00 i Erås museum.

Kåre Holm har hytte og atelier på Folhammar.

Han er landskapstegner og maler. Holm har laget akvareller og tusjtegninger fra Stavanger av stor kulturhistorisk verdi.

Salg av kaffe og kaker.

Arr. Et samarbeid mellom Erås museum og Kåre Holm.

Asfaltering på ferjekaien

Øyposten skreiv i vår at "Heile Fogn skal asfalterast". Så gale er det jo ikkje, men at det er mykje som skal asfalterast, ja, det stemmer. Mellom anna skal det asfalterast på ferjekaien, noko som gjer at bilar ikkje kan stå der framover. Det er sett opp skilt med "parkering forbode", men det verkar ikkje som om alle har fått dette heilt med seg. 

Det er lov å parkere på parkeringsplassen rett ovafor ferjekaien, altså den parkeringsplassen ein kjem til om ein svinger inn til høgre, like før ein kjem ned på sjølve ferjekaien. Her må ein prøva å parkera effektivt, slik at flest mogleg får plass i den perioden førebuing til, og sjølve asfalteringa står på.

Rapportar frå Tour de Fogn 2017

Helga 23.-25. juni går Tour de Fogn 2017 av stabelen. Vi oppdaterte heile helga gjennom!

Søndag 25. juni - Avsluttande klatreetappe
Då var det endeleg søndag, og tid for å finne ut kven som skulle vinne Tour de Fogn 2017 samanlagt! Det hadde regna mykje natt til søndag, og også på føremiddagen før startskotet klokka 12.30, men det gav seg (stort sett) under sjølve avslutningsetappen. 

i dag som i går, var det Arne Torgersen som kom først i mål på sin el-sykkel. Han fekk tida 35:28, noko som til slutt var nesten 3 minutter foran nestemann. Kanskje Arne får meir konkurranse i el-sykkelkategorien neste år?

I herreklassen vart det tidleg eit stort felt på 10 ryttarar (inkl. Arne) som danna "fortroppen" då dei passerte kyrkja for første gong. Men då dei passerte Erås Museum, omlag 10-15 minutter seinare, var gruppa nokså oppløyst. Sondre Trå Sørheim, som på førehand hadde sagt at han hadde som mål å setja farge på rittet, gjorde nettopp det ved å sykla frå i front opp mot Høgaste. Omlag 20 sekunder bak fulgte kvintetten Ørjan Klev Ladstein, Per Steinsland, Anders Eike, Ruben Fjell og Lars Håkon Ramstad, medan fognbuane Ivar Opsal, Helge Magnar Iversen og Jakob Bø, var i ferd med å bli hekta av teten. 
Sondre, som er kjent for å sykla bakkane omtrent like fort opp som ned, kom først over toppen på Høgaste, men vart fort tatt igjen av dei fem neste. Og det var nettopp desse fem som gjorde opp om sigeren i avslutninga opp Bøbakkane. Til slutt vart det ein duell mellom Ørjan og Per, der sistnemnde trekte det lengste strået og vann etappen på 41:18. Ørjan fekk same tid, medan Ruben på tredjeplass vart klokka inn på 41.25. Deretter fulgte Anders på 41:30 og Lars Håkon på 41:44. 
Med dette var det til slutt Ørjan som sto att som samanlagtvinnar av herreklassen på tida 1:26:28 med Per på andre plass, 10 sekunder bak, og Anders på tredje, 26 sekunder bak.

I dameklassen skilte det like under eit minutt mellom Tora Sandanger og Ragnhild Hartved før den avsluttande etappen. Tora fekk tidleg ei nokså god luke på Ragnhild, og det kunne sjå ut som om det heile var avgjort då syklistane var på veg opp mot Høgaste på den første runden. Så fekk plutseleg Ragnhild uante krefer, og byrja å knappa inn på Tora. Inn mot mål vart det nesten heilt jamnt, og det var til slutt berre 5 sekunder i Tora sin favør, som skilte dei to på dagens etappe. Tora vann etappen på tida 55:58, og ho vann med det også Tour de Fogn samanlagt i dameklassen! Totatlida vart 1:55:59, medan Ragnhild på andreplass fekk totalt 1:57:01.

I seniorklassen 60+ var det til slutt berre Njål Hetlelid igjen som deltakar. Han vann likevel ein sterk siger på totaltida 1:54:23, etter å ha fullført på 54:21 på klatreetappen. Med den tida slo han fleire av "dei unge" i både dame- og herreklassen, noko det absloutt står respekt av!

Mange folk var samla i målområdet etter avslutninga av Tour de Fogn 2017!

Mange folk var samla i målområdet etter avslutninga av Tour de Fogn 2017!

Det var godt mykje liv rundt heile løypa, og mange hadde trassa det sure veret og møtt opp ved kyrkja for å heie syklistane i mål! Etter rittet vart det premieutdeling, fotografering og kakespising, medan kommentaren "eg blir med til neste år", var ein gjennomgangsmelodi både blant syklistar og tilskodarar! 

Takk for eit flott Tour de Fogn 2017!

Klikk HER for å sjå fullstendig resultatliste for Tour de Fogn 2017!

Nedst i saka er nokre fleire bilete frå både heile rittet, og lenger ned ser ein og videoreportasjar laga av Kristian Sandanger Iversen.

Laurdag 24. juni - Fellesstart og barneritt
Eit bortimot rekordstort startfelt på 26 syklistar sto klare til start i solskinnet, då andre etappe av Tour de Fogn 2017 vart sett i gong ved Fogn oppvekstsenter. Syklistane skulle ut på to rundar rundt øya, og desse to rundane vart knallharde av fleire grunnar! For det første var det eit langt grusparti frå Sæbøkrossen til Runestad, grunna komande asfaltering, og for det andre kom det ei nokså kraftig regnbyge undervegs i etappen. Kombinasjonen mjuk og humpete grus, regn og stor fart, er i utgangspunktet ikkje heilt ufarlig, men syklistane kom frå det utan store uhell! Den mest uheldige var kanskje Tore Ladstein, som køyrde feil i Sæbøkrossen og hamna i Sæbøvåg... Men den komande pensjonisten tok det heile med et smil, og fullførte begge rundane med stil!

I herreklassen var det ei gruppe på 7-8 syklistar som utgjorde teten etter ein runde, og det var fire av desse som ein runde seinare skulle gjere opp om etappesigeren. Per Steinsland, som etter ryktene var den mest aktive rytteren i feltet, måtte gi tapt i spurten mot trioen Anders Eike, Ivar Opsal og Ørjan Klev Ladstein. Desse tre spurta side om side over målstreken, og det måtte målfoto til for å få bekrefte det både publikum og syklistane sjølv meinte å ha sett, nemleg at Ørjan vann foran Ivar og Anders. På biletet til venstre er Ørjan sitt dekk nærast kamera, Ivar er i midten og Anders lengst bak. Vinnartida vart 38:55. Ei tid som ikkje må samanliknast med tidlegare vinnartider, grunna heilt andre forhold på vegen dette året. 

I samandraget leier no Ørjan Klev Ladstein med 10 sekunder på Per Steinsland, medan Anders Eike er 14 sekunder bak leiaren. Ivar Opsal er også på "skuddhold", der han ligg på fjerdeplass, 5 sekunder bak Anders. Og som om ikkje stillinga er spanande og jamn nok, så melder Ørjan Klev Ladstein om tekniske problemer etter fellesstarten, noko som kan bidra til ein særs dramatisk avslutning på rittet!

I dameklassen holdt Tora Sandanger og Ragnhild Hartvedt lenge følge, og sykla faktisk side om side då dei var inne til passering etter ein runde. Men i løpet av sisterunden vart Tora for sterk for Ragnhild, som kom i mål 43 sekunder bak Tora, som dermed økte leiinga si i samandraget. Tora ligg no 57 sekunder foran Ragnhild, men alt er ikkje avgjort av den grunn. Den avsluttande klatreetappen har tidlegare vist seg å skilja mange sekunder, og det er ikkje lett å seie korleis Touren så langt har påvirka syklistane. Spenning også i dameklassen med andre ord!

Spenning er det ikkje lengre i klassen 60+. Her er det kun Njål Hetlelid som har fullført begge etappane, men det har han til gjengjeld gjort med stil! Laurdag vann han på 51:34, foran nemnde Tore Ladstein på 54:05. Lasse Lunde, som konkurrerte i denne klassen på fredagen, måtte kaste inn handkledet med sjukdom på laurdag, så får vi sjå om Njål får nokon å måle seg mot i den avsluttande etappen på søndag.

Aller først i mål, og med den beste tida, kom igjen Arne Torgersen og hans el-sykkel! Arne, som holdt følge med tetgruppa i herreklassen store deler av vegen, rykka frå resten mot slutten av andrerunden, og kom i mål i einsam majestet på tida 38:34. 

Etter premieutdelinga, var det tid for barneritt! Tre ulike aldersklassar sykla tre ulike distansar, og det var ein fantastisk innsats frå alle deltakarane! Det må ha vore omlag 60 deltakar blant borna, og alle vart belønna med ein tidsriktig premie: Ein fidget spinner med "Fogn IL" på. Både talet på deltakarar, innsats og prestasjon i barneklassane syner at Tour de Fogn si framtid ser ut til å vere både lys og lang!

Kristian Sandanger Iversen har laga denne videoreportasjen frå den andre etappen:

Nedst i saka er nokre fleire bilete frå både fredagen og laurdagen, og ein videoreportasje frå prologen, laga av Kristian Sandanger Iversen:

 

Fredag 23. juni - Prolog
Øs pøs regnvær hindra ikkje 20 tøffe syklistar å stilla opp på startstreken under prologen på årets utgåve av Tour de Fogn. Denne knapt 4 kilometer lange etappen tur/retur Pakkeriet - Misjonshumpen er ein kamp med klokka som fort blir til eit blodslit, og det vert ikkje lettare når asfalten er våt og regnet driv i ansiktet.

Per Steinsland, som måtte starte prologen halvannen time før "ordinær" start, sykla på 6:21, og sette med det standarden i herreklassen. Denne tida sto imot angrep frå mange sterke syklistar, og den vart ikkje slått før Ørjan Klev Ladstein kom susande i mål på tida 6:15. Sist startande, Anders Eike, gjorde eit solid forsøk på å slå Ørjan, men han måtte ta til takke med (nok ein) tredjeplass på prologen, med 6:29. Alle tre på pallen kjem altså frå andre øyar enn Fogn, i Finnøy kommune, men fognbuen kom i mål like bak. Trekløveret Ivar Opsal, Helge Magnar Iversen og Jakob Bø tok dei tre neste plassane på tidene 6:34, 6:34 og 6:35, så det er absolutt ingenting som er avgjort her!

I dameklassen var det kun to deltakarar. Heldigvis seier ryktene at det kjem ein tredje deltakar på laurdag, men på fredag var det kun Tora Sandanger og debutant Ragnhild Hartvedt som stilte til start. Ragnhild var også aller første syklist ut, og kom i mål på tida 8:22. Tora, som har sykla "Touren" mange gonger før, starta eit minutt etter Ragnhild, og klarte å kneppe inn på denne tida, slik at ho kom i mål på sterke 8:08, og vann med det prologen for damene!

I klassen 60+ var det også to deltakarar. Ryktene vil ha det til at Njål Hetlelid har trent hardt over lang tid for å vinne nettopp denne klassen i Tour de Fogn 2017. Njål sjølv snakka seg litt ned før start, og fortalte at sjukdom har forstyrra oppladinga, men det såg ikkje slik ut då han suste i mål på 8:08! Hans einaste konkurrent, Lasse Lunde, var ikkje mykje dårlegare, men måtte til slutt sjå seg slått med 7 sekunder, og kom i mål på 8:15. Det går altså mot ein spanande duell blant seniorane!

I år har vi, for første gong, ein deltakar på el-sykkel! Arne Torgersen leverte varene så til dei grader, og sykla historias raskaste prolog på Tour de Fogn! Med tida 5:33 hadde han til og med slått fjorårsvinnar Inge Holla med 9 sekunder, og då forstår ein at her har det gått fort! Men vil el-sykkelen klara seg godt over lengre tid? Det, og mykje meir, får vi svar på i morgon frå klokka 14.30, då det er fellesstart med to rundar rundt øya, i tillegg til eige barneritt etterpå!