For ein folkfest!

Måndag 10. juli kom "sirkuset" Tour of Norway for kids til Fogn, og for ein folkefest det vart! Over 500 personar møtte opp, der nesten halvparten var deltakarar i alderen 0 til 13 år. Folk kom frå heile Finnøy kommune og frå Strandalandet, i tillegg til at mange ferierande tok turen, og både store og små såg ut til å kosa seg masse på Fogn denne dagen! 

Joker Fogn og Fogn IL hadde laga til ei spanande løype på Runestad, der deltakarane fekk prøve seg på ulike underlag som asfalt, grus og gras undervegs i rittet. Først ut var dei aller minste, og her var det mang ei mor, ein far eller ein besteforelder som måtte slite med å halde følge med fartsglade småbarn, særleg inn på det raske oppløpet! Deretter kom dei eldre barneklassane, gjerne med eit enno større konkurranseinstinkt... Men likevel var det så godt som berre smil, latter og glede å sjå i ansiktet til syklistane som trilla i mål i sine nye, raude t-skjorter, og mottok ein sekk med solbriller, refleks og drikkeflaske til premie.

Når alle var komne vel i mål var det tid for den endelege premieseremonien. Her skulle det, i ekte Tour de France-stil, delast ut fem farga trøyer til dei heldige innehavarane av fem tilfeldig valgte startnummer. I tillegg vart det lodda ut ein sykkel heilt til slutt, og denne var det Una Mjølsnes som var så heldig å vinne!

På førehand var det knytta stor spenning til vèret, som lenge såg ut til å kunne bli plaskande vått, dersom ein skulle tru dei ulike vèrmeldingane på internett. Heldigvis kan vi ikkje alltid stole på desse, for det vart opphald, vindstille og etterkvart ein høgst akseptabel temperatur, som skapte ei flott ramme rundt ein sjeldan stor folkefest på Fogn! Det var som nemnt god stemning blant syklistane, og kiosken til Fogn IL, der ein fekk kjøpt både is, kaffi, brus, pølser og tomatsuppe, var med og bidrog sterkt til at stemningen var minst like god blant alle dei som var møtt opp for å heie fram dei unge og håpefulle!

Klikk HER for å lese Tour of Norway for kids ein eigen reportasje frå rittet, og sjå fleire bilete i serien under: