Det skjer (og skjer ikkje) i helga på Fogn...
/Til helga er det full rulle på Fogn, i ordets rette forstand. Det er nemleg duka for årets utgåve av Tour de Fogn, sykkelrittet som går over tre dagar. Det startar med prolog frå pakkeriet klokka 18.30 på fredag, før det er fellesstart frå oppvekstsenteret klokka 14.30 på laurdag. Etter fellesstarten er det "sykkelritt" for borna, og eit eige opplegg for dei som ynskjer å vere med neste år... Det heile vert avslutta med søndagens klatreetappe som startar ved oppvekstsenteret klokka 12.30. Målgong vert ved kyrkja på Varland. Det er enno ledige plassar for deltakarar, og ein melder seg på ved å klikke HER. Det er også høve til å melde seg på ved oppmøte. Og om du ikkje vil sykle er det veldig kjekt om du er med og lagar liv i start/målområdet eller langs løypa!
Elles er det IKKJE Zumba hverken denne helga, eller andre tysdagar og laurdagar framover, då dei har teke sommarferie...