Finn fram sykkelen!

Siste helga i juni går historias fjerde Tour de Fogn av stabelen. Sykkelrittet har vorte meir og meir populært, og inkluderte i fjor også eit eige opplegg for borna på laurdagen. Dette vert vidareført i år, men også fleire ting er endra frå dei foregåande konkurransane...

"Hovudrittet" består framleis av tre etappar. Det er ein prolog på ca. 4 km på fredag, to rundar rundt øya på laurdag og ein klatreetappe på søndag. Nytt av året er at det vil bli gjort litt ekstra stas på den beste syklisten over 60 år, i tillegg til at vinnarane av hovudklassane (dame- og herreklassen) sjølvsagt vil verta premierte. Elles er det lagt om litt på søndagens klatreetappe, slik at denne har målgang ved kyrkja. Les meir om dette under presentasjonen av dei ulike etappane.

På laurdagen, etter at dei to rundane er gjennomførte (omlag kl. 15.30), vil det bli eit lite sykkelritt for borna. Nytt av året er at det også vil verta eit opplegg for alle som høyrer til i klassen "Vi som kanskje skal sykle til neste år", for dei plar det vera mange av nettopp under Tour de Fogn-helga... Møt opp med sykkel, hjelm og eit smil, og sjå kva som skjer:)

Når det gjeld "hovudrittet", har vi desse reglane:

  • Alle over 16 år er velkomne til å delta
  • Alle skal sykla med hjelm
  • Det er ikkje lov med racersykkel
  • Syklinga foregår på open veg og på eigen risiko. Trafikkreglane gjeld
  • Startkontingent på 100 kr vert betalt ved oppmøte på 1. etappe

Då er det berre å melde seg på, og rittgeneral Ivar Opsal understreker til Fogn.org at Tour de Fogn er for ALLE, uansett om dei har trent mykje, lite eller ingenting i forkant av rittet. Bruk påmeldingsskjemaet under, og les meir om dei ulike etappane nedst i denne saka,

Etappe 1 - Prolog med individuell start

TID: Fredag 27. juni kl. 18.30
START OG MÅL: Pakkeriet

Etappen går frå pakkeriet, over flata til misjonshumpen, og tilbake. Syklistane startar ein og ein, med to minutters mellomrom. Den som fullfører på kortast tid, vinn etappen og leiar rittet.

 

Etappe 2 - Landeveisritt med fellesstart

TID: Laurdag 28. juni kl. 14.30
START OG MÅL: Skulen

Etappen går to rundar rundt Fogn, og feltet køyrer i retning Varland. Alle starter samla, og den som kjem først i mål (skulen) etter to rundar, har vunne etappen. Den som samla sett har best tid etter dei to første etappane, leiar rittet.

 

Etappe 3 - Klatreetappe med fellesstart

TID: Søndag 29. juni kl. 12.30
START: Skulen
MÅL: Kyrkja

Den siste etappen er kanskje den hardaste av dei alle. Starten går frå skulen, og retningen er mot Hovda. På Runastad går løypa til venstre og over Høgaste, før ferda går vidare over Varland og mot østsida av Fogn, når dei kjem til Bø. Når syklistane igjen kjem til Runastad køyrer dei no tilbake forbi skulen, via Eide (nytt av året). Innspurten går oppover Bøbakkane mot mål ved kyrkja på Varland. 

Den som har best totaltid etter desse tre etappane, er vinnar av Tour de Fogn 2014!