Tour de Fogn 2014!

Årets Tour de Fogn er i gong, og vi kjem til å oppdatere denne saka etter kvar etappe. Årets TdF-Journalist er ingen ringare enn fjorårsvinnar Jakob Bø. Etter at han måtte kaste inn handkledet med ein ryggskade, takka han velvillig ja til å skrive nokre ord om rittet. Tusen takk til Jakob for denne gode jobben! Rapportane hans kan du lese under.

Vi er i gong!

Flott kveldssol og lite vind skapte perfekte forhold for årets første etappe av Tour de Fogn. 16 deltakerar er ein liten tilbakegang frå fjoråret men mange debutantar viser likevel at rittet blir stadig meir kjent i Rogaland. 

I kvinneklassen blei det seier til, fjorårets samanlagtvinnar, Janne Aano Bø med tida 7.23. Tora Sandanger sykla inn til andreplass med tida 7.46. Debutant Kristel Borgemyr blei nummer tre med tida 8.07.

I herreklassen var det knytta stor spenning til om nokon, for føste gong i Tour de Fogn-historia, kunne kome i mål på under 6 minutt. Det skulle imidlertid vise seg at denne magiske tidsgrensa var vanskeleg å slå. Vinnar av prologen blei Sigurd Ånestad med tida 6.00. Håvard Østhus har vunne opningsetappen av Tour de Fogn alle dei tre åra rittet har blitt arrangert. Denne gong slo han sin  personlege rekord men måtte likevel nøye seg med andreplass, eit sekund bak vinnaren. Anders Eike frå Halsnøy blei nummer tre med tida 6.11. 

I klassen for dei over 60 år er det Egil Sæverud som er i leiinga. Han fekk tida 7,30.

Laurdag er det klart for andre etappe. Starten er ved skulen 14.30. Klokka 16.00 er det barneritt der barn opp til 15 år kan stilla til start enten med trehjulssykkel,støttehjul eller vanleg sykkel. Dagen blir avslutta med eit uhøgtidleg sykkelritt for «dei som skal bli med neste år». På skuleområdet blir det sal av kaffe,smoothie og kaker. Møt opp!

Sporty rev og raske tider!

Tour de Fogn-sirkuset rulla i dag vidare. I tillegg til det ordinære rittet blei det gjennomført barneritt og eit kort sykkelritt for vaksne som ønsker å satse på sykkel framover. Desse ulike klassane samla til saman over 50 deltakerar. På skuleområdet var det god stemning, muntre smil og mette munnar. 

I dameklassen viste det seg tidleg at kampen om førsteplassen ville stå mellom Janne Aano Bø og Tora Sandanger. Dei veksla på å vere i leiinga men mot slutten rykka Janne i frå og kunne til slutt sykla i einsam majestet over målstreken. Kari Sæterdal sykla inn til tredjeplass.

På herresida blei det ein knallhard kamp mellom gårsdagens prologvinnar Sigurd Aanestad, den lokale favoritten Håvard Østhus og debutant Anders Sakseid. Desse tre holdt svært høgt tempo gjennom begge rundane. Raportane frå løypa tyder på at Anders var svært rask i oppoverbakkane medan østhusgenene til Håvard og Sigurd kom meir til sin rett nedover og på slettene. Sakseid  sykla ifrå dei andre i bakkane frå Sørvåg til Runestad og kom i mål på tida 35.50. Østhus slo Aanestad i spurten, dei fekk tidene 36.05 og 36.06. 

Samanlagt har desse tre same tida og deler leiinga i Tour de Fogn. Dermed blir klatreetappen i morgon heilt avgjerande for kven som til slutt står øverst på pallen. 

Mange sperra opp augo då ein syklande rev kom trillande over skuleområdet. Tour de Fogn-maskotten,Fognareven,imponerte med gode sykkelferdigheter og blei straks eit midtpunkt for ungar i alle aldrar. 7 sporty vaksne sykla etter reven frå skulen, til Misjonshumpen og tilbake til skulen. 

I barnerittet var det omlag 30 detakerar. Desse sykla ulike løyper i området ved skulen. Alle viste gode sykkelferdigheter og la ned ein imponerande innsats for å koma til mål. Etter gjennomført ritt fekk alle gullmedalje utdelt av Fognareven. 

Søndag er det start ved skulen kl. 12.30. Målgang er ved kyrkja på Bø. I målområdet blir det sal av grillmat. Kjekt om mange møter opp langs løypa og i målområdet!

Dagens avsluttande etappe i, Tour de Fogn 2014, blei ein sportsleg og publikumsmessig suksess. 

Ikkje akkurat ein sjarmøretappe!

Siste dag i Tour de Fogn 2014 baud ikkje akkurat på ein sjarmøretappe. 15 syklistar kjempa seg gjennom den krevande løypa og omlag 100 personar var samla i målområdet ved kyrkja. 

Løypetraseen var lagt om i forhold til tidlegare år men det viste seg at bakkane opp til Høgaste og innspurt opp bakkane mot kyrkja var nok til å skape avstand mellom deltakerane. Folk hadde samla seg mange stader langs løypa og var flinke til å gje syklistane ekstra motivasjon med sine heiarop og lykkeønskingar. 

I kvinneklassen holdt Janne Aano Bø unna for Tora Sandanger og blei dermed vinnar av dagens etappe og av Tour de Fogn samanlagt. Tora Sandanger blei nummer to, i dag og samanlagt, medan debutantane Kari Sæterdal og Kristel Borgemyr starta sine Tour de Fogn karrierar med å bli henholdsvis nummer tre og fire.  

I herreklassen sto kampen om seieren mellom Håvard Østhus og Anders Sakseid. I følge offisielle sekunderingar foretatt av Gerd Sandanger, med bakarklokka hennar, leia Sakseid med 17 sekund då dei passerte måleposten hennar ved Høgaste. Dette forspranget hadde Østhus henta inn då duellantane passerte Sæbøkrossen. Dei følgde kvarandre rundt øya men i bakkane opp mot mål viste Sakseid seg som den sterkaste syklisten. Han vann med 17 sekund ned til Østhus som kom på andreplass. Sigurd Aanestad blei nummer tre. Denne rekkjefølga blei og rekkjefølga i samandraget. 

Klassen for dei over 60 år blei vunnen av Egil Sæverud. Malvin Sandanger blei nummer to og Arne Torgersen blei nummer tre. 

Sjøl om siste etappe var litt endra frå tidlegare år viser etappetidene og samanlagttidene at svært mange av deltakerane har gjort store personlege forbetringar. Dette tyder på at treningsiveren har vore stor og at rittet er ein viktig motivasjonsfaktor for mange av deltakerane. 

Takk til Fogn IL for eit framifrå arrangement. Planlegginga,organiseringa og gjennomføringa har lagt grunnlag for fantastiske forhold for syklistane og for publikum. Revestrekar, blide smil, godt humør og gode samtalar har skapt flott Tour de Fogn-miljø heile helga. 

Under kan du sjå bilete frå Tour de Fogn (knipsa av Jakob Bø, Jørgen Bø og Ivar Opsal), og oppdatert resultatliste:

Bilete frå søndag 29. juni - klatreetappe

Bilete frå laurdag 28. juni - 2 rundar rundt øya

Bilete frå fredag 27. juni - prolog

Dersom du skal se resultatlista på telefon/nettbrett, klikk HER!

Kvinneklassen

1. Janne Aano Bø
2. Tora Sandanger
3. Kari Sæterdal
4. Kristel Borgemyr

Herreklassen

1. Anders Sakseid
2. Håvard Østhus
3. Sigurd Aanestad
4. Anders Eike
5. Morten Sangedal
6. Helge M Iversen
7. Ivar Opsal
8. Ørjan K Ladstein
9. Egil Sæverud 
10Malvin Sandange 
11. Arne Torgersen 
12.Morten Sæterdal

Prolog

7,23
7,46
7,42
8,07

 

6,16
6,01
6,00
6,11
6,18
6,30
6,49
7,00
7,30
8,00
7,53
7,04

2 rundar

46,05
46,30
51,58
52,11

 

35,50
36,05
36,06
37,50
38,01
38,14
38,02
41,24
45,58
48,22
49,42
-------
 

 

Klatring

39,45
39,54
44,03
45,52

 

29,58
30,15
31,18
31,52
31,49
31,56
33,26
40,18
39,36
41,22
42,38
--------

Totalt

1,33,13
1,34,10
1,43,44
1,46,10

 

1,12,04
1,12,21
1,13,24
1,15,53
1,16,08
1,16,40
1,18,17
1,28,42
1,33,04
1,37,44
1,40,13
--------