Bilete frå St.Hansfeiringa på Fogn

St Hans 20.jpg

Årets St. Hansfeiring på Fogn vart gjennomført i Hålevågen, og det var Fogn Kr. Ungdomslag og Fogn IL som var arrangørar. 

Mellom 100-150 personar var tilstades då bålet vart tent klokka 21.00. Før det hadde det vore andakt av Morten Stensland, kiosksal og "Labyrintspel" for store og små. I fjor var det eit problem at bålet ikkje tok skikkeleg fyr, men i år måtte ein vanne kantane av bålet for at ikkje det som vaks rundt skulle ta fyr og føre til ein ukontrollert brann. Bålet brann heldigvis opp på ein glimrande måte, og du kan sjå bilete av dette, og meir, i serien under.