Takka av med krabbe og 3 poeng!

Fogn sitt A-lag hadde ein vanskeleg vårsesong, men har fått meir sving på spelet i haust, og står no med 10 poeng, etter at MIL 2 blei slått 3-0 på heimebane laurdag 4. oktober!

Det er liten tvil om at signeringa av Josef Bø har hatt stor positiv innvirkning på både spel og resultat, men det er også ein annan trio som har “levert varene” i haust! Det er snakk om Yuttana Boonkam, Sakkarin Tangsuk og Ratchakit PhaSom, best kjent som Up, At og Ai! Spelerane, som kjem frå Thailand, har vore på Fogn og jobba i ein periode, men no går opphaldet mot slutten, og laurdag spelte dei sin siste kamp for denne gong.

Alle tre gjorde ein solid innsats kampen gjennom, og kunne juble etter skåringar av Josef Bø, Ivar Opsal og Håvard Østhus i det rufsete haustvèret!

Før kampen hadde keeper Trond Egil Sivertsen bedt dommaren om å fylgje med på kven som var Fogn sin beste spelar, for denne ville få ein kasse med krabbe etter kampslutt. Etter sigeren peika dommaren på Kristian Jacobsen, som gjorde come-back etter langtidsskade, som Fogns bestemann, og krabben vart difor gitt til Kristian. Men Kristian meinte at det heller var gutane frå Thailand som fortente krabbe etter god innsats den siste tida, og gav den difor raust vidare!

Neste kamp for Fogn er søndag 12. oktober kl. 14.45 mot STIL-UIS, laget som ligg like foran Fogn på tabellen, så her er det duka for ein ny spanande kamp!


Helselaget inviterer til festkveld og foredrag

Festkveld med middag og foredrag onsdag 22.oktober kl 1800 på Oppvekstsenteret.
Hausten er tida for demensaksjonen i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Me gjentek suksessen ifrå i fjor, og køyrer på med same opplegg.

I år er det ernæringsterapeut Mette Lund Larsen frå Talgje som skal snakka om korleis kosthaldet vårt kan påverka den kognitive helsa. Alzheimer og kosthold, hva kan vi selv gjøre? Mette driv Ernæringsklinikken og har over 25 års erfaring innan «Mat som medisin.»

Det blir servering av middag med dessert og kaffi.

Påmelding til Oddbjørg på sms 94 12 92 33 innan fredag 17.oktober.

Prisen er 350 kroner per pers. Me veit det er litt høgt, men alt som kjem inn går uavkorta til demensaksjonen. I år går innsamla midlar frå aksjonen til forsking på barnedemens.

Velkommen!

Styret i Helselaget

Populære toppturar i år igjen!

4- og 7-toppstur på Fogn vart arrangert for 14. gong, søndag 28. september. Heile 110 personar var ute og gjekk, der 72 valgte den korte løypa, og 38 gjekk over alle 7 toppane. Turgeneral Helge Magnar Iversen fortel at det var folk frå både Satavanger, Sandnes, Jørpeland og Finnøy, men flesteparten var frå Fogn.

På fleire av toppane var det overraskingar (tomater, mellombar, Kvikklunsj), og dei som deltok var også med i trekkinga av eit gåvekort på 500 kr frå Kiwi Finnøy. Vinnar av gåvekortet vart Anna Halsne Sand.

Under er nokre glimt frå ein flott turdag på Fogn:

Tid for 4- og 7-toppstur igjen!

Også i år arrangerer Fogn IL 4- og 7-toppstur på Fogn, og denne gongen er turane lagt til søndag 28. september. Primus motor Helge Magnar Iversen fortel at vèrmeldingane ser gode ut, og at ein aldri angrar på ein tur, så her er det berre å hiva seg med!
Ein treng ikkje å melde seg på, og kan berre møte rett opp ved start.

Litt informasjon om turane:

Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00

Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30

Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .

Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke.

Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.

Tok årets første heimepoeng i overtidsdrama!

Fogn IL sitt A-lag i fotball hadde tapt alle heimekampane i årets 7. divisjon, så motstandarlaget Kvitsøy trudde kanskje dei skulle få ei enkel oppgåve denne flotte haustsøndagen i september. Så feil kan ein ta…

Det var knytta stor spenning til kampen mellom dei to “ekte øyene” i divisjonen, og det var liten tvil om at familiære forhold gjorde oppgjeret ekstra spesielt. På Kvitsøy spelte nemlig Jakob Meling, medan svograne Jørgen og Josef + svigerfar Jakob Bø alle spelte for Fogn. Det var difor ikkje overraskande at det fantes både spelerar og tilskoderar med litt ekstra høg puls, då dommaren blåste i gong kampen…

Det var Kvitsøy som kom best i gong, utan at dei skapte dei heilt store sjansane før ein drøy halvtime ut i omgangen. Då vart ein lang ball slått inn i bakrommet, og heada tilbake foran mål. Der hadde Taras Pulynets ein enkel jobb med å sette kampens første skåring bak Trond Egil Sivertsen i Fogn-målet, bortelaget tok leiinga til vill jubel frå dei mange tilreisande supporterane.

Men etter dette tok Fogn meir og meir over, og sjølv om Kvitsøy hadde ei heading i tverrliggaren, var det Fogn som skapte mest resten av omgangen. Fem minutter før pause trykka Fogn på etter ein dødball. Det enda opp med at Jakob Bø slo ein ball frå venstre, inn mot bakre stolpe, der sonen Josef sklei inn 1-1 til ei endå meir ellevill jubel frå heimesupporterane, 1-1!

Stillinga heldt seg til langt ut i 2. omgang, ein omgang som fram til ca. 70 minutter var nokså “tam” utan dei heilt store sjansane og nokså oppstykka spel. Kvitsøy hadde ballen mest, men sleit med å skape mykje i møte med eit Fognlag som forsvarte seg heroisk og godt. Likevel glapp det for heimelaget etter 71 minutter, då Simon Holter Møllegaard fekk driva fram på venstresida, skjera inn foran mål, og setja ballen i det næraste hjørnet, via foten til keeper Trond Egil. Bortelaget var igjen i leiinga, og nå var det nok eindel som trudde kampen var avgjort.

Men Fogn gav ikkje opp. Mot slutten vart “alle mann” kasta i angrep, og på overtid fekk Fogn fleire dødballar høgt i banen. Ballen enda til slutt opp hjå Fogns bakerste mann, midtstoppar Jakob Bø. Frå rundt 35 meter lada han “kanona”, og sendte i veg eit høgt skudd som gjekk over alle spelerane, før det sneik seg inn i venstre kryss bak ein Kvitsøykeeper som berre kunne strekke seg forgjeves, 2-2! Jubelscenene var såpass omfattande at Pål Rune Grønås, som vart bytta ut med strekk etter 40 minutters spel, la ut på dagens raskaste løp, for å bli med i klynga av spelerar som feira utlikninga, og poengdelinga som var eit faktum berre eit drøyt minutt seinare!

Tusen takk til Karianne Østhus, som var framsynt nok til å filme målet, og dele med Fogn.org!

Etter kampen var stemninga “variert”, alt etter kva lag ein hadde spelt for, eller heia på. Men kanskje viktigast av alt, dei familiære relasjonane såg ut til å vera inntakte, og minst like gode som dei var før avspark :)