Populære toppturar i år igjen!
/4- og 7-toppstur på Fogn vart arrangert for 14. gong, søndag 28. september. Heile 110 personar var ute og gjekk, der 72 valgte den korte løypa, og 38 gjekk over alle 7 toppane. Turgeneral Helge Magnar Iversen fortel at det var folk frå både Satavanger, Sandnes, Jørpeland og Finnøy, men flesteparten var frå Fogn.
På fleire av toppane var det overraskingar (tomater, mellombar, Kvikklunsj), og dei som deltok var også med i trekkinga av eit gåvekort på 500 kr frå Kiwi Finnøy. Vinnar av gåvekortet vart Anna Halsne Sand.
Under er nokre glimt frå ein flott turdag på Fogn: