Takka av med krabbe og 3 poeng!
/Fogn sitt A-lag hadde ein vanskeleg vårsesong, men har fått meir sving på spelet i haust, og står no med 10 poeng, etter at MIL 2 blei slått 3-0 på heimebane laurdag 4. oktober!
Det er liten tvil om at signeringa av Josef Bø har hatt stor positiv innvirkning på både spel og resultat, men det er også ein annan trio som har “levert varene” i haust! Det er snakk om Yuttana Boonkam, Sakkarin Tangsuk og Ratchakit PhaSom, best kjent som Up, At og Ai! Spelerane, som kjem frå Thailand, har vore på Fogn og jobba i ein periode, men no går opphaldet mot slutten, og laurdag spelte dei sin siste kamp for denne gong.
Alle tre gjorde ein solid innsats kampen gjennom, og kunne juble etter skåringar av Josef Bø, Ivar Opsal og Håvard Østhus i det rufsete haustvèret!
Før kampen hadde keeper Trond Egil Sivertsen bedt dommaren om å fylgje med på kven som var Fogn sin beste spelar, for denne ville få ein kasse med krabbe etter kampslutt. Etter sigeren peika dommaren på Kristian Jacobsen, som gjorde come-back etter langtidsskade, som Fogns bestemann, og krabben vart difor gitt til Kristian. Men Kristian meinte at det heller var gutane frå Thailand som fortente krabbe etter god innsats den siste tida, og gav den difor raust vidare!
Neste kamp for Fogn er søndag 12. oktober kl. 14.45 mot STIL-UIS, laget som ligg like foran Fogn på tabellen, så her er det duka for ein ny spanande kamp!