Bli med på "Pop-up bruktmarked" på Fogn!

Inspirert av eit “Pop-up grøftesalg” på Sæbø 1. mai, blir det eit “Pop-up bruktmarked” utanfor Fogn Oppvekstsenter, laurdag 3. mai kl. 14.00-16.00! Her kan dei som vil selgja og/eller bytta ting ha “butikkane” sine under halvtaket utanfor skulen, så sjølv om det kan koma litt regn skal dei stå tørrt.

Dei som ynskjer kan finna fram ting dei vil bli kvitt, ta det med til skulen, og rigga til sin “butikk”. Det står nokre bord utanfor skulen som kan nyttast, men det er ikkje veldig mange, så om folk vil vere sikra bord bør dei ta med eigne. Så er det kanskje unødvendig å informere om, men varer som ein ikkje blir kvitt, må tas med heim igjen…

Dette blir garantert ein sosial “happening”, og det er veldig kjekt om mange kjem, både selgjarar og kjøparar!