Gå "Noreg på langs" - på Fogn i veke 19!
/Klarer me som bur på Fogn å gå Norge på langs i løpet av sju dagar?
Neste veke startar Folkehelseveka 2025 i regi av Nasjonalforeningen for Folkehelsen.
I den anledninga er alle lokallaga invitert til å vera med å konkurrera om kven som klarer å gå strekninga Nordkapp - Lindesnes i løpet av veke 19.
Det fungerer slik at du registrerer kor langt du har gått i løpet av veka og gir beskjed til meg på sms: 94 12 92 33 Oddbjørg. Så legg eg saman alle tala og sender dei til Nasjonalforeningen.
Usikker på kor langt du har gått?
Ein tommelfingerregel er at ein times gange i roleg tempo tilsvarer omtrent 3 km, mens vanleg gange er rundt 4 - 5 km. I raskt tempo kan det vera opptil 6 km. (Og så finnes det jo mange appar på telefonen som kan måla avstand heilt nøyaktig)
Nokre døme på vanlege turar:
Butikken – Ørnareiret 2,5km
Kyrkja – Ørnareiret 1,5km
Fogn rundt 9,6km
Det blir trekt éin vinnar blant lokallaga. På vinnarlaget blir alle deltakarane premiert med kvar sin turkopp.
Å gå på tur saman med andre skaper glede, trivsel og fellesskap.
Då er det berre å finna fram joggeskoa og komma seg ut å gå!
NB! Om du vil jogga, er det lov det også :)