Det skjer på Fogn i påska 2025!
/Det pleier å vere mykje folk på Fogn i påska, og som vanleg har desse mange tilbod til arrangementer dei kan bli med på. Under er ulike påskerelaterte arrangement og hendingar:
Onsdag 27. mars frå kl. 18.00 - Loddsal på dørene
Representantar frå Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til påskebasaren som er på laurdag.
NB! Sjå her kva pengane går til i år!
Skjærtorsdag kl. 19.30 - Nattverdmøte på bedehuset
Nattverdmøte med andakt av Paul Aano, i tillegg til at ordet blir gitt fritt.
Langfredag kl. 11.00 - Pasjonsgudsteneste i kyrkja
Lesing/framføring av bibeltekstar frå langfredag. Ola Aasland Vold er prest.
Påskeafta frå kl. 09.00 og 14.00 (trekning) - Fogn IL sin påskebasar utanfor butikken
Loddsal, kaffi og kake frå klokka 09.00. Sjølve trekninga skjer frå klokka 14.00.
1. påskedag kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Høgtidsmøte med andakt av Christoffer Inge Hovda
1. påskedag kl. 17.30 - Gudsteneste i kyrkja
Høgtidsgudsteneste der Terje Engstrøm er prest. Nattverd. Takkoffer til Misjonsprosjektet.