Inviterer til årsmøte med fokus på fysisk aktivitet!
/Årsmøtet i Helselaget blir som vanleg på Oppvekstsenteret, torsdag 13.mars klokka 1800.
Viss det er nokon som har saker dei ønskjer å ta opp på årsmøtet, må styret ha dei seinast ei veke før årsmøtet. Send til ommaaland@gmail.com eller mobil 941 29 233
Årsmøte
1. Godkjenning av årsrapport og rekneskap
2. Val av nye styremedlemmer
(Alle som har betalt medlemskontingent kan stemma og veljast til verv. )
Me får besøk av professor i idrettsvitenskap ved UiS, Sindre Mikael Dyrstad. Han skal snakka om Helsefremjande livsstil gjennom fysisk aktivitet, og kvifor det er så viktig for kropp og sjel.
Elles blir det servering av varm mat, og kaffi og kaker til dessert.
Som vanleg trekker me tre heldige vinnarar i turbøkene.
Det blir også utlodding, så ta gjerne med ein liten ting, det ville vore fint.
Hjarteleg velkommen
Helsing styret.