Hold av datoen - Vandremiddag 2025!
/Denne gjengen var samla til forrett hjå Else Marie og Lars Magne Grødem på vandremiddagen i 2024!
Konseptet “Vandremiddag” har blitt gjennomført på Fogn i både 2023 og 2024. Begge åra har deltakarane fortalt om at dette vart ein kveld “heilt utanom det vanlege” og gitt tilbakemeldingar som:
Det var kjekt å kjenna på spenning rundt kven vi skulle besøke!
Eg hadde det veldig kjekt, i lag med folk eg elles ikkje pleier å vere med på laurdagskvelden!
Eg var på ein måte “høg” heile kvelden!
Sjølv om det er langt fram i tid, er datoen for vandremiddag 2025 no sett. Denne blir laurdag 18. oktober, truleg frå klokka 18.45 (når første sms om oppmøte til forrett blir sendt ut).
Informasjon om opplegg og påmelding kjem seinare, men i første omgang anbefaler vi alle som er interesserte i å bli med, til å holde av datoen!