Dugnad på og ved den nye steintrappa
/Dugnadsdeltakarar frå førre dugnad, laurdag 7. februar
Fleire laurdagar det siste året har det blitt lagt ned ein solid innsats med å lage “sherpatrapp” frå kaien og opp snarvegen mot skulen. Stein etter stein har blitt frakta til stien og lagt fint til rette, slik at trappa no består av over 90 trinn! Ein milepæl blir nådd komande laurdag, når trappa kjem heilt opp til der stien traseen flater ut, og deler seg (ved skiltet til Ørnareiret).
Jakob bø tek trappetrinna i eigne hender!
Dugnadsgeneral og primus motor Jakob Bø inviterer difor alle som ynskjer å bli med til dugnad på og ved trappa frå klokka 14.00 og utover. Alle kan bidra, og dei som kan blir oppfordra til å ha med greinsakser og liknande reiskaper til å klippa og rydda langs trappa. Det ligg alt eindel tørr kvist på eit bål ved stien, og dette blir tent på, på laurdag. Dei som ynskjer kan ta med pølser som kan spiddast på bålet.
For at området langs trappa skal bli enno finare, vert folk oppfordra til å plante ein staude e.l. langs trappene utover våren og sommaren.
Men først: Velkommen til dugnad på laurdag kl. 14.00! Parker gjerne på skulen, og gå ned til trappa derfrå.