Vil du bli med i dugnadsgjengen?

Dagsturhytta “Ørnareiret” på Fogn har vore ein stor suksess sidan hytta vart opna hausten 2022! Med så mange besøkjande er det viktig å forsikra seg om at ting ser greit ut der oppe og melde frå om evt. feil som må utbetrast. Dette er ein jobb som blir gjort på dugnad av personar som har sagt seg villige til å ha ansvaret for å sjå etter hytta ei veke no og då.

Per i dag er det 19 “vaktmesterlag”, noko som gjer at alle har ansvaret 2-3 veker kvart år. I løpet av ei veke bør ein vere oppe i hytta minst ein gong for å koste over golvet, fylle på toalettpapir etc (det er laga ei liste over oppgåver som skal gjerast).

Dugnadslista skal no oppdaterast, og i den anledning vil Grendalaget gjerne få med fleire i dugnadsgjengen! Dersom dette er noko du kan tenkja deg å bli med på, er det flott om du melder frå i dette skjemaet innan fredag 19. januar.