Trygg is på Fjellbergvatnet!

Sibirkulda gir resultater på Fogn også! I helga vart det gjort målingar som viser at det er trygg is på Fjellbergvatnet, noko som ikkje skjer kvart år. Rapportar frå dei som har prøvd isen, seier at den er godt eigna til skøytegåing. Det kan med andre ord vere lurt å finne fram skøytene og prøve seg på gamle kunstar, før temperaturen igjen er venta å stige mot slutten av veka…

NB! Det er truleg sikker is på alle vatn på Fogn, men vi må understreke at all ferdsel på is skjer på eige ansvar!