Info om fyrverkerioppskyting på nyttårsaften
/Trond Egil og Odin Sivertsen foran den fullasta bilen med fognafyrverkeri!
Vi er kome fram til årets siste dag, og skal feira det nye året som kjem med rakettar og felles fyrverkeri på Fogn! Trond Egil Sivertsen melder om fylgjande før dei to oppskytingane kl. 19.00 og 24.00:
Ein treng ikkje bekymre seg for vinden som er meldt. Alt skjer i trygge former, og det blir delt ut briller til dei som møter fram for å sjå (folk kan evt. ha med eigne briller).
Det blir merka med sperreband ved fotballbanen, slik at folk veit kvar dei kan stå. Trond Egil ynskjer ikkje at det står folk på nordsida av fotballbanen, altså på sida mot Holmastø.
Tusen takk til alle som har vore med og spleisa for å få til dette, det blir det største og beste fyrverkerishowet som nokon gong har vore på Fogn!
Velkommen til begge showa, klokka 19.00 og 24.00!