Det skjer på Fogn i jula!
/Lille julaften kl. 23.00 i kyrkjekjellaren
Midnattsamling i kyrkjekjellaren for ungdomar frå 8. klasse og oppover.
Høgtlesing av juleevangeliet.
Twist, kaffi, klementiner og god stemning!
Julaften kl. 14.30 i Fogn kyrkje
Gudsteneste ved Gunter Theiss
Solosong ved Hannah Østhus
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp
Første juledag kl. 12.00 på bedehuset
Høgtidsmøte med tale av Håvard Østhus
Solosong av Sofie Hovda
Kollekt til Ebenezer Operation Exodus
Andre juledag kl. 12.00 i kyrkja
Gudsteneste ved Ola Aasland Vold
Takkoffer til Misjonsprosjektet
Tredje juledag kl. 17.00 på bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Andakt ved Ingeborg Voll, i tillegg til song, mat, juletregang, klementiner og godteposar.
Gratis entrè
Lørdag 30. desember kl. 12.30-14.30 på dagsturhytta
Fogn IL arrangerer ein litt annleis romjulsmarsj i år. Folk kan starta kvar dei vil på Fogn, og gå til Ørnareiret (dagsturhytta). Registrering skjer der oppe mellom kl. 12.30-14.30.
Går alt etter planen vert det servering av rykande varm gløgg, delt ut medalje til deltakarane og kanskje høve til å betale ein femtilapp for kvar deltakar - ikkje meir enn hundre kroner for ein og same familie.
Lørdag 30. desember kl. 18.00 på skulen
Fogn IL arrangerer romjulscup i volleyball i gymsalen.
Blanda lag med minimum to menn/damer på kvart lag. Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover til Jørgen Bø 471 72 804 på eller på Fogn IL på Facebook seinast kvelden før.
Viss du ikkje har lag, kan du melde deg på enkeltvis.
Nyttårsaften kl. 19.00 og 24.00 på fotballbanen
Felles fyrverkeri ved primus motor Trond Egil Sivertsen.
Bli gjerne med og spleis ved å klikke her!
NB! Her er opningstidene til Joker Fogn i jula:
22. desember: 09-19
Lille julaften: 09-18
Stengt på julaften, 1. og 2. juledag
27.-29. desember: 09-19
30. desember: 09-18
Stengt på nyttårsaften og 1. nyttårsdag
2. januar: 09-19