Oppfordring om å stille på folkemøte

Tysdag 17. januar arrangerer NVE (Norges vassdrags og energidirektorat) folkemøte om den nye kraftforbindelsen, som skal gå over Rennesøy, Finnøy og Fogn. Møtet er i fleirbrukshallen på Finnøy, og byrjar klokka 19.00.

Grendalaget oppfordrer folk til å stille på dette møtet, anten ein berre vil lytta, eller om ein også ynskjer å seie meininga si.

Fogn grendalag vil, før høyringsfristen, invitera til eit eige folkemøte på Fogn, der ein ynskjer innspel og synspunkt før det vert laga eit høyringssvar frå grendalaget, på vegne av Fogn. Meir informasjon om dette kjem.