Meir info om fellesfyrverkeri!

Folk har no bidratt så mykje i den tidlegare omtalte Spleisen, at Trond Egil Sivertsen bekrefter at det vert flott fellesfyrverkeri både klokka 19.00 og ved midnatt på nyttårsaften. Det blir fyrt opp i den nordre enden av banen, og publikum kan stå på kortsida mot skulen. Grunna mogeleg nedfall av leire osv er det lurt om folk har på seg vernebriller.

Klokka 12.00 på nyttårsaften blir det delt ut diverse “småfyrverkeri” utanfor skulen. Dette er berekna for bruk av personar over 12 år, men blir kun delt ut til dei som kjem i følge med ein person over 18 år.