Oppstart etter nyttår
/I regi av kyrkje og bedehus på Fogn er det mange ulike tilbod for borna, der aktivitet, andakt og mat er viktige “ingredienser”. Desse tilboda er no i ferd med å starte opp att, etter å hatt “juleferie”. Alle aktivitetar ligg inne i kalendere her på Fogn.org, men under er uansett ei lita oversikt:
Hobby og tru er eit tilbod i kyrkja for born opp til og med 1. klasse. Dette er annakvar måndag, frå og med 16. januar, frå klokka 17.30-18.30.
Jente- og guttelaget, som er for born frå og med 2. klasse, har samlingar dei same måndagane som Hobby og tru. Den første gongen, 16. januar, er det felles oppstart på bedehuset frå klokka 17.30-18.45. Dei andre måndagane er jentelaget inndelt i grupper som møtes ulike plassar (skulen og heime hjå leiarane) frå klokka 17.30-19.00, medan guttelaget er delt i to der 2.-5. klasse møtes på bedehuset og 6. klasse og oppover møtes på skulen frå kl. 17.30-18.45.
Barnekoret TøfFOGNådig, som er for barn frå 1. klasse, møtes i kyrkja dei måndagane det ikkje er Hobby og tru, jente- og guttelag. Dei har oppstart måndag 23. januar og held på frå klokka 17.30-18.45.
Søndagsskulen (for born opp til og med 3. klasse) og søndagsringen (for born frå 4. klasse og oppover) vert som hovudregel arrangert i bedehuskjellaren frå klokka 11.00-12.00 dei søndagane det er formiddagsmøte på bedehuset. Første samling er i år søndag 15. januar, og dato for søndagsskuleavslutning er sett til 4. juni. Sjå heile oversikta her.