Nytt hurtigbåtanløp frå og med i dag!
/Som vi skreiv om i mai, vil det frå og med i dag, torsdag 24. juni, vere mogeleg å reise til Fogn med hurtigbåten frå Judaberg kl. 18.55. Denne går innom Fogn på måndag-torsdag, og ein kan no også ta denne båten frå Fogn (kl. 19.00) til Stavanger (ankomst kl. 19.35). Dersom ein skal reise frå Fogn, er det viktig å hugse at dette er eit såkalla b-anløp, der ein må bestilla båten minst 30 minutter før anløpstid.