Eit stort steg nærare realisering av dagsturhytta!
/På måndag denne veka vart det gjennomført befaring for å sjå på både sti og plassering av dagsturhytta på Ørnakulå. Representantar frå Stavanger kommune, saman med “Dagsturshyttas far”, Atle Skrede, tok turen til Fogn, der dei vart tekne imot av fleire lokale “dagsturhytteentusiastar”.
På vegen vart det samtala om diverse avklaringar og notert kor mange retningsskilt som måtte bestillast. Vel oppe på Ørnakulå var det fram med målebandet for å sjå kvar hytta best kunne plasserast. Innedelen av hytta er berre på 15 kvadratmeter, men om ein tek med plattingar og gapahukar, som også er ein del av hytta, er fotavtrykket nesten 50 kvadratmeter. Når hytta står klar i 2022 vil besøkande få fantastisk utsikt frå det store vindauget i front (som kjem til å venda mot nord), og dei to gapahukane som vender mot aust og vest kjem heilt sikkert til å bli populære!
Etter befaringa på toppen gjekk turen vidare til Erås Museum. Der var det servering av baguetter som Oddbjørg hadde laga til, i tillegg til at Malvin stilte med jordbær, varme bjørnebær og is! Drøsen gjekk godt, og det såg absolutt ut for at dei besøkande hadde hatt ein god ettermiddag på Fogn!
Det skal framleis gjerast ein jobb før hytta er på plass, men no byrjar dette å bli veldig konkret! Det er berre å glede seg, både til hytta står klar til bruk, og vegen fram mot denne milepælen! Sjå gjerne på denne oversikten over dei andre hyttene, for å få inspirasjon!