Nytt hurtigbåtanløp til sommaren

Hurtigbåt.jpg

I det siste har det vore mykje “skriverier” om kutt i hurtibåttilbodet i Ryfylke, grunna behov for innsparingar framover. Denne saka er i det politiske systemet, og det er ikkje avklart kva for løysing ein ender opp med.

Difor er det ekstra kjekt å kome med ei aldri så lita gladsak knytta til nettopp hurtigbåt! Frå og med 24. juni får nemleg Fogn eit nytt hurtitbåtanløp. Det er snakk om båten som måndag-torsdag går frå Judaberg kl. 18.50, og er i Stavanger kl. 19.35. Denne båten vil snart byrje å gå innom Fogn dersom det er passasjerar til staden, eller dersom ein ringer og bestiller båten, altså eit såkalla b-anløp. Dette er særs gledeleg, både med tanke på kommunikasjon frå Judaberg, og for dei som vil reise til Stavanger ein kveld. Båten kjem til å stå i ruta som 19.00b frå måndag til torsdag.

Det er Arnstein Bøe som igjen har vore aktiv når det kjem til hurtibåtrutene, og effektiv utnytting av desse. Han har vore i kontakt med Kolumbus, og fått ordna dette nye tilbodet, og vi takkar Arnstein for den gode jobben han har gjort og gjer i denne samanheng!