Fogn blir sendt live - Bli med på festen!

ABC+Fogn.jpg

Aftenbladet satsar stort på lokalfotballen i Rogaland for tida, og har sendt ulike kampar direkte på Aftenbladet TV denne sesongen. På søndag 10. oktober klokka 14.30 står slaget mellom Fogn IL og Sviland på “menyen” - ein kamp for å unngå det lite attraktive stempelet som Rogalands dårligaste A-lag! Det er nemlig slik Aftenbladet har markedsført kampen, og dei har fått denne kommentaren frå spelande trenar, Jakob Bø:

“Det er veldig kjekt at Aftenbladet sender kampen. Det blir en lokal folkefest og stor happening på Fogn. Vi satser på å vinne kampen og unngå å være det dårligste laget i Rogaland”

Det er flott om folk møter opp litt før kampstart klokka 14.30, slik at det blir ei flott ramme rundt oppgjeret heilt frå starten av. Det er også litt av kvart å sjå fram til for dei som møter opp:

  • Ryfylke tomat stiller med masse tomater

  • Fogn IL har kjøpt to store marsipankaker

  • Kiosk, speaker og musikk

I tillegg til dette vert altså kampen sendt direkte på Aftenbladet TV. Dette er ein to-kameraproduksjon der den eine kameramannen vert plassert høgt oppe i ein lift frå Østhus Bygg og Maskin, så dei som ikkje har høve til å kome på kampen vil få eit godt overblikk over spelet.

Ekspertkommentator i lokalfotballen er oftast Sandnes Ulf-trenar Bjarne Berntsen. Denne helga har han fri, men Aftenbladet jobbar med å finna ein verdig erstattar, den som kjem på kampen får sjå…

Velkommen til ein historisk fest på Fogn stadion! Vi håper mange møter opp og heier dei mørkeblå fram til seier!