Rapport frå Fognaløp og -meisterskap

Godt nøgde deltakarar etter premieutdeling for 1.-4. klasse!

Godt nøgde deltakarar etter premieutdeling for 1.-4. klasse!

I tidvis sterk vind, men opphald, gjekk både Fognaløpet og Fognameisterskapet av stabelen, søndag 3. oktober 2021. Med godt oppmøte og ditto god stemning vart det ein flott dag!

Fognaløpet var også i år delt inn i to ulike distansar (5 og 10 km) og det var både dame- og herreklasse.

På 5 km for damene var det Anne Marthe Sandanger som spurtslo mor Tora Sandanger, på henholdsvis 27.11 og 27.16. Anne Sunde kom på 3. plass med tida 29.17.
I herreklassen var Tom Arne Straumstein suveren med ei vinnertid på 20.57. Også her var det familiært på pallen, med svoger Ruben Fjell på 2. plass med 26.11, og far Arne Straumstein (som i tillegg trilla barnevogn!) på 3. plass med 30.04.

På damene sin 10 kilometer var det kun to deltakarar som stilte til start. Nivået var likevel svært bra, og til slutt var det Marianne Bø Skregelid som trakk det lengste strået framfor Janne Aano Bø. Dei fekk tidene 48.26 og 49.22.
Erlend Grøtta Giske vann herreklassen på 42.18, framfor Håvard Østhus med 44.31 og James Stensnes med 46.44. Den fjerde deltakaren, Audun Giske, hadde mål om å springa på under 50 minutter, og klokka inn på 49.59!

Etter løpet var det tid for Fognameisterskap for borna, der 60-meter, lengdehopp og kast med liten ball sto på programmet. Her var alle vinnarar og fekk medalje for flott innsats, noko som er dokumentert i serien med bilete under: