Festfotball, storsiger, publikumsfest og strømmesuksess!
/Ivar Opsal har nettopp sendt Fogn i føringa, noko som fører til ellevill jubel både på og utanfor banen! Foto: Mats Haugland, Stavanger Aftenblad.
Fogn - Sviland: 5-1 (2-0). Med hundrevis av tilskoderar og ein kamp som vart strømma direkte på TV Aftenbladet, var det ikkje rart Fogn sin kaptein Ivar Opsal sleit med nattesøvnen før oppgjeret mot Sviland 10. oktober. Men Opsal og resten av dei mørekblå Fognspelarane leverte varene så til dei grader, og knuste Sviland 5-1 i kampen for å unngå tittelen Rogalands dårligaste lag!
Om det var å skåra på heimebane Ivar drøymde om, då han først sovna rundt klokka 04.00, er vanskeleg å vita sikkert. Men kampens første mål var det nettopp Ivar som sette inn etter 12 minutter, då Johannes Hovda slo inn frå venstresida, og Ivar var først på ballen, som gjekk stolpe inn til 1-0 og ellevill jubel!
Berre to minutter seinare vart Jørgen Bø spelt fint fri av Sondre Sandanger Sørheim, og åleine med keeper gjorde Jørgen ingen feil, 2-0! Denne stillinga holdt seg også til pause.
Kun få minutter ut i andreomgang tok Sondre igjen på seg rolla som servitør, då han slo inn til Anders Ronæss Hansen, som avslutta vakkert på volley forbi ein sjanselaus keeper, 3-0!
Etter 70 minutter fekk også back Pål Rune Grønås ein assist, då han slo oppover på si høgreside. Der handsa ein Sviland-spelar nokså klart, men Jørgen utnytta fordelen og storma mot keeper, skar inn foran Svilands siste forsvarar og plasserte sikkert sitt andre mål for dagen til 4-0!
Anders ville ikkje vere dårligare enn Jørgen, og sette i det 80. minutt inn sitt andre mål, nok ein gong etter innlegg frå høgresida. Denne gongen var det Leif Christian Hovda som slo pasningen til Anders, som hadde løpt seg fint fri og enkelt kunne sette inn 5-0!
Like før slutt skåra Stig Gjesdal eit trøystemål for Sviland, då han banka ballen i mål frå 30 meter, noko som fastsette sluttresultatet til 5-1.
Aftenbladet dekka kampen godt både på førehand, underveis og etterpå!
Her er ein artikkel med Trond Egil Sivertsen i hovudrolla, som vart nytta som build-up til kampen.
Opptak av sjølve kampen og eit stort bildegalleri kan sjåast her.
Stort referat og spelarbørs i etterkant av kampen.
Under er Aftenbladet sin spelarbørs av Fogn sine spelarar. Dei kåra Sondre Sandanger Sørheim til banens beste med ein vel fortent 8-er på børsen!
FOGN (4-4-2)
Trond Egil Sivertsen 6
Pål Rune Grønås 6
Ivar Opsal 7
Tom Arne Straumstein 6
Audne Hermansen 6
Sondre Sandanger Sørheim 8
Johannes Hovda 6
Jakob Bø 6
Malvin Christiano Skartveit 6
Kjetil Sunde 6
Jørgen Bø 7
BENYTTA RESERVAR
Tor-Olav Bø Måkestad 5
Tord Myklebust 6
Mathias Hovda 5
Olav Myklebust 5
Leif Christian Hovda 5
Vadims Rukmans 5
Anders Ronæss Hansen 7