Suksess med rulleskøytetreff - tilbake til våren!
/Nokon av deltakarane på eit av rulleskøytetreffa i haust. Foto: Isabelle Kvamsøe
Fleire torsdagar i haust har Isabelle Kvamsøe arrangert rulleskøytetreff på den nye asfalten utanfor Fogn bedehuse. Haustens siste samling var 7. oktober. Isabelle melder om bra oppmøte og godt nøgde born, noko som gjer at ho vil starta opp igjen med dette til våren.
Isabelle nytter også anledningen til å takka Fogn helselag som har sponsa med frukt og smoothie, og vi vil takka Isabelle som drog i gong dette kjekke konseptet for barn og unge på Fogn!