Tacokveld i 100!
/Sjølv om det berre var 17 påmeldte då fristen gjekk ut, var etternølarane langt fleire, då Fogn Helselag arrangerte sin årlege tacokveld på Fogn oppvekstsenter, laurdag 8. februar. Heile 100 namn sto til slutt på lista, og damene i helselaget sto på både fredag kveld og heile laurdag for å laga mat og ordna i stand meir enn nok til alle som møtte opp!
Her var det eit større utval enn kva som er vanleg på ein tradisjonell fredagstaco, noko alle såg ut til å setja stor pris på! At det var is med tilbehør til dessert, sette ein ekstra spiss på det heile, og folk såg både mette og godt nøgde ut då dei etterkvart trakk heimover.
Ein stor takk til helselaget for eit både godt og flott måltid!