Bruktmarked som har kome for å bli!

Bilde 15.02.2020, 12 07 50.jpg

Kva er likheita mellom sykkelrittet Tour de Fogn og bruktmarknaden til Fogn grendalag? Dei fleste som kjem for å sjå på seier at dei vil vere med sjølv neste år:) Det var i alle fall det som var gjennomgangstonen blant dei omlag 50 personane som møtte opp for å sjå kva som var til sals/bytte denne laurdagen, då Fogn grendalag arrangerte brukt- og byttemarknad på Fogn oppvekstsenter. Sjølv om det berre var 4-5 som kom med ting dei ville selgja/gi vekk, var det “god gang” i gymsalen, der folk gjekk og såg på alt det andre ville bli kvitt, og mange ting skifta eigar.

I foajeen vart det servert graut, og mange nytta høve til å ta laurdagsgrauten saman med sambygdingar og andre som hadde møtt opp på bruktmarknaden denne dagen. Det var særleg her ein høyrde snakk om alle som ville vere med til neste år, når dei nå såg korleis dette føregjekk, og at det var lov å vere med anten ein hadde mykje eller lite ein ville kvitte seg med.

Så at det er marknad for ein bruktmarknad, det verkar heilt klart, og vi har difor stor tru på at dette arrangementet har kome for å bli!