Bytte- og bruktmarked på Fogn!
/Gjenbruk er i vinden som aldri før, og det ligg heilt sikkert mykje forskjellig og støvar ned i kjellarar, kott og skap på Fogn, som andre kan ha god bruk for! Difor vil Fogn Grendalag arrangere ein bytte- og bruktmarknad på Fogn laurdag 15. februar. Marknaden vert i gymsalen på Fogn oppvekstsenter frå klokka 12.00-14.00, og det vert høve til å kjøpe graut og saft for 30 kr per person i foajeen.
Prinsippet er at alle som har ting dei ynskjer å bli kvitt, står for salet/byttet av dette sjølv. Varene går altså ikkje via grendalaget, men direkte frå person til person.
På marknaden gjeld desse “reglane”:
Alle som ynskjer å ha eige “salsbord” til det dei vil bli kvitt, gir beskjed om dette til Ivar Opsal (995 67 320) eller Håvard Østhus (934 45 913) innan fredag 14. februar kl. 20.00.
Grendalaget syter for “salsbord” til dei som ber om dette. Ut over dette er det opp til seljar å bestemme både pris på varene, og kva inntektene evt. går til (det er ikkje eit krav om at det må gå til eit godt formål). Det er sjølvsagt også lov å bytte varer med kvarandre, dersom ein vert einige om dette.
Når marknaden er over, har seljar ansvar for dei varene som han/ho hadde med, men som ein ikkje vart kvitt.
Gymsalen er open frå klokka 11.00, med tanke på at seljarar skal få varene sine på plass før marknaden opnar klokka 12.00. Vi ynskjer ikkje sal før klokka 12.00.
Grendalaget vil oppfordra alle til å ta ein kikk i kjellaren, kottet og skapet, og ta med på bytte- og bruktmarknaden på Fogn!
NB! Dersom ein har nokre få ting (t.d. nokre ski/skøyter) som ein vil byta vekk, er det lov å ha dette med utan å måtte ha eige salsbord.